Dei siste åra har det blitt vanlegare med oppdrettsanlegg der merdane blir senka ned på eit djup mellom 20 til 60 meter.
– Målet er å halde oppdrettslaks og regnbogeaure vekke frå larvane til lakselusa, seier forskar Frode Oppedal.
I utgangspunktet held dei eldre lusene seg på fisken, medan dei smittsame luselarvane flyt rundt med straumen i dei øvre vasslaga før dei finn seg ein vert, skriv Havforskningsinstituttet i ei nettsak.
– Etter kvart som ein kjem nedover i djupet, aukar også trykket. Tidlegare forsøk har vist at dei fleste luselarvane trekker oppover i vassøyla når trykket aukar.
Samstundes har forskarane dokumentert at enkelte luse-familiar har ein tendens til å synke meir nedover. På nokre anlegg er det også observert lus på oppdrettslaks i nedsenka merdar.
Kvifor held nokre larvar seg i djupare vatn?
Det fekk forskarane til å lure på kvifor nokre luselarvar oppheld seg i djupare omgjevnader enn det som var kjent frå før. No er første del av forskinga unnagjort, og resultata er tydelege.
– Resultata viser at dersom den nedsenka fisken får lus, og desse får avkom, så vil ein større del av avkommet opphalde seg i djupet samanlikna med luselarvar som klekker på fisk i overflateanlegg, seier Oppedal.
I tillegg til at nokre lus sig ned i djupet, kan også lokale forhald der anlegget er plassert spele inn.
– I nokre område ser vi at det kan oppstå nedgåande straumar eller omvelting av vassmassar. Dermed kan dei smittsame lakseluslarvane bli frakta ned til fisken som i utgangspunktet sym djupare enn det lusene likar.
I periodar med dårleg vær, kan liknande forhald oppstå.
– Til dømes kan ein storm føre til turbulente forhald i overflata, og periodar med dårleg veir og omvelting i vassmassane kan føre luselarvane djupare enn der dei vanlegvis er.
Når dei då kan treffe på oppdrettsfisk i nedsenka merdar på djupna, finn dei også vertar som dei kan leve på resten av livet.
Testa med lus frå kommersielle oppdrettsanlegg
Prosjektet blei gjennomført ved Matre forsøksstasjon som del av doktorgrada til Lowri O’Neill frå Deakin universitet i Melbourne. Oppedal var ein av rettleiarane for arbeidet.
– Vi henta vaksne holus frå to ulike nedsenka kommersielle anlegg, og samanlikna dei med lus frå vanlege overflateanlegg, fortel O’Neill.
Lus er smittsame for laks på eit bestemt livsstadium: når dei er kopepodittlarvar. Då er dei om lag 0,4 mm store og driv rundt med vasstraumen, men dei kan aktivt symje opp eller synke passivt nedover når dei er inaktive. Forskarane dyrka fram lus til dette stadiet, og gjorde deretter testar for å sjå kor i vassøyla dei valde å vere.
– Vi brukte gjennomsiktige lange røyr som sto på høgkant, der luselarvane vart utsett for same trykk som er på 10 meters djupne, fortel ho.
Lusene fekk velje om dei ville bevege seg opp- eller sige nedover
Målet var å sjå korleis lusene fordelte seg i røyra. Nokre røyr hadde luselarvar som var avkom frå “overflatelus” og andre frå “djuplus”. Dermed kunne forskarane samanlikne åtferda mellom dei to gruppene.
Etter at luselarvene var overført til røyra, vart dei halde i mørket utan trykk i eit kvarter. Deretter vart trykket auka i fem minuttar, før forskarane med ein gong observerte kor dei oppheldt seg i vassøyla.
– Fem minuttar er lenge nok til at luselarvane har funne ønska plassering i vassøyla. Frå tidlegare, før djupdrifta kom, veit vi at dei fleste vil reagere på auka trykk ved å symje oppover og halde seg der, seier ho.
No vart resultata litt annleis.
– Omtrent 35 prosent av luselarvar på kopepoditt-stadiet føretrekk å symje oppover, men når vi no såg på luseavkom frå djupet, så visste det seg at berre 23 prosent sumde opp, seier ho.
Tilsvararande sank berre 19 prosent av normallusene, medan heile 27 prosent av avkommet frå djupmerdane sank.
Meir forsking skal avklare om tilpassinga er arveleg
Akkurat kva desse resultata vil bety for djupdrift, er det for tidleg å seie noko sikkert om. Men dette er fyrste gong forskarane har sett at åtferda til luselarvane er påverka av foreldra sitt oppvekstmiljø.
– Resultata gir oss ein indikasjon på at tilpassinga kan vere arveleg. Dette vil vi sjå vidare på i neste forsøk.
Dersom det skulle vise seg å vere slik, blir det viktig å ta omsyn til dette, til dømes når det gjeld å kombinere ulik teknologi på oppdrettsanlegga i eit område.
– Då kan dei langsiktige negative konsekvensane totalt sett bli minst mogelege, seier Oppedal.






