– Her misforstår liberalistane

Nyheter
552

Salmon Group meiner ein byggjer på feil resonnement når regjeringa tek til orde for å oppheve alle grenser for eigarskap i oppdrettsnæringa.

– Forslaget om å oppheve dei siste restane av eigarskapsregulering, vil gjere det enklare å byggje større, dominante aktørar i oppdrettsnæringa. I sin tur vil dette ramme leverandørindustrien og dei mindre aktørane. Ein får færre innkjøparar å konkurrere om, og sterkare maktkonsentrasjon, seier Kråkås.

– For å ha reell konkurranse, treng ein å ha ein kritisk masse av aktørar. I 1990 eigde dei ti største selskapa ein tredel av norsk lakseproduksjon. I dag eig dei ti største to tredelar. Og tendensen er klar; meir makt på færre hender. Det er ikkje meir konkurranse, det er å opne døra på vidt gap for eit oligopol, eit fåtals totale dominans, påpeiker han.

Nettverket meiner ein over tid vil hemme både den samla verdiskapinga og innovasjonsevna gjennom å konsentrere næringa hos nokre få aktørar. Bortfallet av eigarskapsregulering er på høyring til 15. oktober.