Tysdag la Det internasjonale havforskingsrådet ICES fram sine kvoteråd for norsk vårgytande sild, kolmule, makrell og vestleg hestmakrell for 2026.
For makrellen blinkar varsellampane raudt etter fleire år med lite “påfyll” av ny ung makrell og hardt fiske.
Forskarane rår mot å fange meir enn 174 357 tonn i 2026 – det lågaste kvoterådet i moderne tid. Anbefalt makskvote for 2025 var 576 958 tonn.
Når bestanden går ned, må fangsten ned
– At vi no er på eit kritisk lågt nivå, bør ikkje komme som noko overrasking. Bestandsnedgangen følger ein heilt jamn, nedgåande kurve, seier Are Salthaug, bestandsansvarleg forskar ved HI.
I 2014 var gytebestanden til makrell rekna å vere nesten 13 millionar tonn. I år er bestanden rekna til 2,7 millionar tonn.
– Situasjonen for makrellen er dramatisk. Det er særs viktig at vi snur trenden for makrellbestanden no. Det krev sterk reduksjon i uttaket, seier forskingsdirektør Geir Huse.
Dei siste åra har makrellen blitt overfiska i mangel på internasjonale kvoteavtalar.
Samtidig har makrellen hatt fleire år med låg rekruttering (tilkomst av ungfisk).
– Når gytebestanden kjem under tre millionar tonn, forventar vi at makrellen får redusert evne til å lage sterke, nye årsklassar. Då er det viktig å redusere kvotane kraftig for å snu trenden raskt, forklarer Are Salthaug.

Tokt viser at makrellen klumpar seg saman i aust
Funna i det årlege makrell- og økosystemtoktet i Norskehavet peiker i same retning som dei øvrige dataa som blir brukt for å rekne ut bestandsstorleiken.
– Vi fann at makrellen stort sett var å finne i den austlege delen av Norskehavet i år, seier Salthaug.
Dette kan også forklare at det har vore eit godt makrellfiske i norsk sone i år, sjølv om totalmengda er låg.
For norsk vårgytande sild tilrår ICES at kvoten for 2026 ikkje skal vere over 533 914 tonn.Det er ein oppgang på 33 prosent samanlikna med rådet for 2025.
Gytebestanden til nvg-silda er under føre-var-nivået i 2025. Sjølv om bestanden altså aukar, vil han vere under dette nivået også i 2026.
Både 2021-årsklassen og 2022-årsklassen er rekna å vere over snittet store. Forskarane ventar derfor at gytebestanden vil auke i 2027, når dessse blir kjønnsmodne.
Kolmula går ned
For kolmule tilrår ICES at kvoten for 2026 ikkje bør vere over 851 344 tonn. Det er ein nedgang på 41 prosent samanlikna med rådet for 2025.
Både 2020- og 2021-årsklassane er blant dei største i tidsserien og er fullt rekruttert til fisket i 2025.
I 2026 vil fisket i stor grad fortsett vere avhengig av desse to årsklassane. Dei er anslått å utgjere høvesvis 18 og 37 prosent av fangstane.
Rekrutteringa i åra etter er anslått til å vere svak.
For vestleg hestmakrell meiner forskarane at det er råd å fiske inntil 74 214 tonn i 2026. Det er to prosent lågare enn rådet for 2025.
Gytebestanden er over føre-var-nivået, og fiskeriet er rekna som berekraftig.