Torsdag 18. september besøkte Solund formannskap oppdrettsbedrifta Sulefisk, eit lokaleigd oppdrettsfirma med innovasjonslyst. Michael Niesar (dagleg leiar), Øystein Espeland (styreleiar), Eivind Espeland (styremedlem) og Sveinung Kråkås frå Sulefisk orienterte formannskapet om deira drift, skriv Solund-ordførar OLe Gunnar Krakhellen i ei pressemelding.
Sulefisk er ei av ti bedrifter i heile Noreg som har fått tildelt ein såkalla «mørkegrøn» konsesjon i gruppe C i konsesjonstildelinga no i 2014. Sulefisk sitt konsept er å fôre opp smolten opp til postsmolt (ca. 1 kg) i eit lukka anlegg kalla Ecomerden. Ecomerden er ei bedrift registrert i Solund, som har fått prototypen til det lukka anlegget produsert på Filippinene, og vil verte frakta til og sett saman i Noreg, før den vil verte testa ut av Sulefisk. Når fisken er over eit kilo, vil Sulefisk produsere fisken vidare til slaktevekt i tradisjonelle merdar, men med luseskjørt som går nokre meter nedover, for å skjerme fisken for lakselus. Sulefisk samarbeider også med Hortimare om tareoppdrett i tilknyting til oppdrettslokalitetane, der taren kan dra nytte av næringsstoff frå oppdrett.
Alt dette gjorde til at Solund formannskap fekk eit veldig godt innblikk i det som kan verte morgondagens havbruksnæring. I tillegg fekk formannskapet også sjå at ein heilt ny metode for avlusing vert testa ut på Sulefisk sin oppdrettslokalitet Fureholmen (sjå video her). Her har Stingray Marine Solutions installert Stingray-systemet for optisk avlusing med laser. Dette har ein brukt lang tid på å utvikle, og no har dei begynt å teste systemet ut i stor skala. Lokaliteten til Sulefisk har to merdar med om lag 200.000 fisk i kvar. I kvar merd er det installert to laserar som ein kan fjernstyre frå Oslo, og dagleg vert det sendt like mykje videodata frå Sulefisk i Solund til Stingray i Oslo som TV2 sine daglege TV-sendingar.
– Første lakselusa i Sogn og Fjordane skoten med laser vert skoten her hos oss på Sulefisk i desse dagar. Det markerer starten på eit samarbeid med Stingray Marine Solutions som eg har stor tru på. Sjølv om vi er ein mindre aktør i havbruksbransjen så er vi opptekne av å vere med på utviklinga av næringa. Vi er difor glad og stolte av at vi har fått til eit samarbeid, der vi er først ute med ein heil lokalitet dekka med laser, seier Michael Niesar, dagleg leiar i Sulefisk.
– Lakselus er ei utfordring i bransjen, og det er vi opptekne av å ta på alvor. Sulefisk sine utfordringar er verken større eller mindre enn våre kollegaer, men vi har valt å satse offensivt for å vere med på å finne løysingar for morgondagen, seier Niesar.
– Eg opplevde at formannskapet vart oppglødd og imponert over arbeidet som vert gjort Sulefisk. Havbruksnæringa er viktig i Solund, og vi har fleire aktørar som driv både med oppdrett og smoltproduksjon, det er difor viktig at kommunen er oppdatert på utviklinga i bransjen. Difor var det kjekt å kunne besøke ei bedrift i Solund som er så framoverlent og som heile tida tenker på neste steg. Det er ei betydeleg innovasjonskraft og utviklingsvilje som ligg i næringa her i Solund. Vi er ein fiskeri- og oppdrettskommune, og det er eg stolt av, seier Ole Gunnar Krakhellen, ordførar i Solund.
– Vi er opptatt av dialog og samarbeid, og vårt mål er at kommune og havbruksnæringa saman, gjennom dialog, skal utvikle næringa og verdiskapinga i Solund. Saman vert vi sterkare, avluttar Krakhellen og Niesar.