Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit driftsresultat på 1.015. millionar kroner i 2024. Med ein omsetnad på 3.026 millionar kroner gir dette ein driftsmargin på 33,6 prosent.
“Betre biologi i 2024 førte til at konsernet auka produksjonen av laks til 38.400 tonn i året. Slaktevolumet var også opp samanlikna med året før. Ved utgangen av 2024 var det 273 tilsette i Alsaker-konsernet. Konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen. Dyktige medarbeidarar er ein viktig suksessfaktor for Alsaker-konsernet,” skriv selskapet i ei melding.
Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgangen av året 2.102 millionar kroner – noko som gir ein eigenkapitalandel på 57 prosent.
Onarheim-baserte Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2024 fire smoltanlegg, 24 matfiskkonsesjonar, slakteri, reinsefiskanlegg og eit havbrukssenter. Konsernet har også eigen brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Produksjonen i konsernet skjer i 14 kommunar: Alver (Meland), Bjørnafjorden (Fusa), Bømlo, Etne, Kvam, Kvinnherad, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Stavanger (Rennesøy), Sandnes, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.
Alsaker-konsernet er eigd 100 prosent av toppsjef Gerhard Alsaker, gjennom holdingselskapet Meidell 99.
