Østerbø Solutions har tilsett Kathrine Molvik som operasjonell leiar (COO). Ho tiltrer 1. august, og blir ein sentral del av leiargruppa.
Molvik kjem frå stillinga som Senior Vice President Technical i Norwegian Electric Systems (NES), der ho har vore divisjonsleiar teknisk for fire avdelingar. Ho har solid bakgrunn som industrirørlegger, rør- og sveiseingeniør, og har ein Executive Master of Management med spesialisering i strategisk leiing og styrekompetanse. I tillegg har ho over ti års erfaring som dagleg leiar og eigar av eige selskap.

– Vi er svært glade for at Kathrine har takka ja til å bli ein del av Østerbø-laget. Ho har ein unik kombinasjon av teknisk tyngde, strategisk blikk og gode leiareigenskapar. Med henne på laget styrkar vi organisasjonen for vidare vekst og utvikling, seier administrerande direktør Ketil Tømmernes i et melding.
Molvik sitt hovudfokus blir å styrke system, struktur og kvalitet i organisasjonen, og dermed sikre rammeverket rundt dei litande løysingane.
– Eg ser fram til å bli ein del av Østerbø og til å samarbeide tett med dyktige kollegaer for å vidareutvikle struktur, kvalitet og engasjement. Østerbø er ein spennande og framtidsretta aktør med stort potensial, seier Kathrine Molvik.
Kathrine Molvik bur i Alver og kjenner Østerbø Solutions godt frå tidlegare kundeforhold og samarbeid.