Risiko, lovverk og avgift

Eg vil rose Dyrevernalliansen for å engasjere seg i diskusjonen kring Havbruksmeldinga, avgift på tap av fisk og fiskevelferd. Vi er heilt einige om at det å drive med husdyr er å ta stor risiko, og at dyreeigar må ta ansvaret. Firda Seafood Group har gjort omfattande grep for å styrke velferden i våre merdar gjennom mange år. Sunn fisk er sunn drift. Så vil eg gjerne få kome med nokre påkravde presiseringar i høve til tolkinga av mitt innlegg

Les også: Den som tar risiko, må også ta ansvar

Det mest prekære først. Dyrevernalliansen tillegger meg det synet at havbruksnæringa bør få unntak frå Dyrevelferdslova. Det har eg ikkje sagt, og sjølvsagt heller ikkje meint. Dyrevelferdslova gjeld i dag, utan tapsavgift, og så vidt meg kjent vil ikkje tapsavgifta medføre ei endring av lova, eller på nokon måte vedkome lova. Lova lever sitt viktige liv, og påtalemakta er i si fulle rett og plikt til å bringe moglege brot på lova inn for domsstolane.

Dersom påtalemakta deler Dyrevernalliansen sitt syn på algeoppblomstringa i nord, vil vi venteleg få sjå saker ført for domsstolane for det som no skjer. Men med det vi erfarte etter tapa i 2019, er det ikkje praksis for ein slik prosess. Den gong fekk dei råka produsentane ei handsrekning til å ta inn det tapte, gjennom «MTB-kreditten» som eg nemnde i mitt innlegg. 

Heller ikkje då saksordføraren for Havbruksmeldinga vitja produsentar som står i denne situasjonen, fekk eg inntrykk av at han såg på dette som eit sjølvpåført problem. Det er derimot fullt legitimt å meine det, og det er absolutt ein interessant debatt om kva som er ein forsvarleg risiko. For vår del meiner vi til dømes at ei hasteinnføring av nye typar driftsteknologi i stor skala er for mykje risiko, med tanke på fisken si velferd med eit nytt vassmiljø, større tettleik mellom individ og større fare for teknisk svikt, mellom anna.

Risiko og ansvar
Hovudpoenget til Dyrevernalliansen er at den som tek risiko må ta ansvar. Og det tykkjer vi er eit godt prinsipp. Difor er vi ikkje forkjemparar for statlege kompensasjonsordningar, men meiner at risikoavlastning best skjer gjennom forsikringsordningar. Forsikring er til for å dekke risiko ein ikkje kan demme opp for hundre prosent. Dei kjem òg med ein eigenandel. 

Det er likevel interessant og viktig å diskutere korleis politikk og regelverk kan påføre ekstra risiko, ut over det biologien og praktisk drift medfører. Den sterke viljen til å styre næringa inn mot meir kompleks og energikrevjande produksjonsutstyr er eit døme på dette. Uføresette hendingar vil skje, med høg risiko for massedød.  

Tapsavgifta
Grensene mellom forsvarleg drift og for høg risikoprofil/uansvarleg fiskehald, er noko av det eg etterspurde i mitt innlegg. Eg vinkla spørsmålet mot algeoppblomstringa, nettopp fordi dette ikkje vart handtert som noko straffbart i 2019, men tvert imot vart kompensert som eit uføresett biologisk og økonomisk tap. Styresmaktene vurderte det ikkje som at produsentane var for umotiverte til å unngå det. Det kan sjølvsagt bli annleis no, dersom praksisen blir at «tap er tap, uansett årsak».   

Tapsavgifta er ikkje ei ny lov, men eit politisk verkemiddel. Den må difor drøftast som ein måte å påverke åtferd, og ikkje som ein del av rettssystemet. Tiltaket plasserer seg mellom ein formell straffereaksjon, og tanken om at sjølve tapet av fisken råkar hardt nok. Om det ikkje skal skiljast på årsak, må utgangspunktet vere som Dyrevernalliansen seier, at alt fisketap kan bli unngått med tilstrekkelege aktsemd. I så fall snakkar ein om eit styringsmål på 0 % dødelegheit/tap. Det er ikkje i takt med Dyrevelferdsmeldinga sine vurderingar.   

Eg tillèt meg å vere nyfiken på kva praksis som vil gjelde for tapsavgifta, fordi eg ikkje kjenner til tilsvarande ordningar for andre typar dyrehald. Er dette starten på ei ny linje for alt husdyrhald, eller berre for fisk

Dyrevelferd i havbruksmeldinga
Er Firda Seafood Group opptekne av fisken si velferd? Ja, det er vårt hovudansvar, og vi treng inga avgift for å jobbe kontinuerleg med forbetring og risikovurdering. Difor vart vi ein rein aureprodusent, fordi vi meinte denne fisken var forbunden med mindre risiko i oppdrett enn laksen. Det har gjeve oss gode resultat biologisk, og vi meiner difor regjeringa sitt mål om 5 % dødelegheit er realistisk i vår produksjon. 0 % verkar utopisk, i kva som helst gruppering av levande individ.  

Vi er usikre på om Havbruksmeldinga vil styrke fiskevelferda sine kår. Vi ynskte at meldinga skulle ta utgangspunkt fiskevelferd som det grunnleggande, og lus som ein del av dette. Berre god nok velferd bør gje vekstmoglegheiter. Med ei tapsavgift kan ein enkelt betale seg ut av velferdsproblem. Vi trur ikkje det er eit effektivt verkemiddel, men det vil sikkert skaffe inntekter til staten.  

Vi er redde for at ei forhasta teknologisk omstilling vil gje mange uføresette konsekvensar, og mange uynskte hendingar. Vi er kloke av skade, føre var, og audmjuke for at naturen er nådelaus.