Skal algeangrep gje straff?

Algeoppblomstringa i nord har aktualisert eit av hovudpunkta i havbruksmeldinga, avgift på tap av fisk. Sist ein opplevde ein slik situasjon, fekk dei råka produsentane framføre den tapte produksjonen som auka MTB i ein gitt periode, ein slags kassakreditt for produksjon. Med ei tapsavgift ville dei truleg ende opp med å ta heile tapet på drifta, og i tillegg bli straffa gjennom avgifta. 

Les også: Skrekken er en algeoppblomstring i denne nøkkelfjorden

Dette er både dobbel straff, og i sterk kontrast til andre næringar som gjerne får ein  økonomisk kompensasjon ved tap dei blir påført av naturen sine luner. Firda har drive oppdrett sidan 1986, og lenge berre på land. Der erfarte vi at ting kan skje over alt der du har levande organismar. Flaum, sjukdom og teknisk driftsstans var med og gjorde arbeidsdagen meir spennande enn det ein skulle ynskje. 

Både straff og skade?
Då Firda først satsa på oppdrett i sjø, var det gjennom løyve som andre hadde gjeve opp som fylgje av biologiske kriser. Strukturendringar og eit stramt driftsregime hjelpte oss vidare. No står vi føre ein varsla teknologisk revolusjon, der lukka anlegg er sagt å vere den neste standarden. Men også i lukka anlegg vil driftskriser, med massedød som konsekvens, kunne oppstå. Når du mistar heile grupper av fisk, kan tapa ta knekken på ein lokal aktør.

Øyvind Kråkås, Firda Seafood Group. Foto: Kjartan Aa Berge

At ein i tillegg til driftstapa skal straffast av staten økonomisk, er eit prinsipp det bør vere interesse for å drøfte, også utanfor havbruksnæringa. Er det berre krise dersom det er mange som er råka, eller stort nok når ein aktør mistar alt? Og skal løysingane kome i stand spontant, ut frå merksemda som den enkelte hendinga får, slik det vart sist då algar øydela for produsentar i nord? 

Havbruksmeldinga bør bygge på likskap for lova
Vi ser at saksordføraren for havbrukmeldinga i Næringskomiteen no reiser ut til enkelte av selskapa som er råka av algeangrepet, og det er viktig og rett. Forhåpentlegvis vil det gje betre forståing av biologisk risiko i Stortinget si vidare handsaming av meldinga.  

Samstundes vil vi gjerne invitere han til Vestlandet. Her har trafikklyssystemet så langt kosta oss 18 % av produksjonskapasiteten vår på permanent basis, og med det redusert investeringskraft, utan at det har gjeve målbare resultat etter formålet. Eit politisk vedteke tilbakeslag. Havbruksmeldinga kan i verste fall by på ei langt større og raskare nedbygging av næringa i vår landsdel, enn det trafikklyssystemet har klart. 

Meldinga svarar ikkje på korleis ei eventuell omstilling skal kunne skje i praksis, eller forholdet mellom kostnader og resultat. Om vi på Vestlandet skal springe dobbelt så langt og dobbelt så fort som alle andre, må vi vel kunne få lov til å starte likt? Med fjerning av MTB som regulering kan vi til og med risikere å springe utan sko, i form av manglande pantesikkerheit. 

Firda Seafood Group er den største privateigde skatteytaren av alle bedrifter i Sogn og Fjordane. Skal vi framleis få lov til å yte for fellesskapet? Får vi vere med og sikre velferd og busetnad framover? Vi ber ikkje om støtte, men om lov til å satse. Det  er ikkje berre vi og våre tilsette som vil merke bortfallet av næringa sin aktivitet.

Oljenæringa og vasskrafta har blitt forvalta med omsyn til deira bidrag til samfunnsøkonomien, sosial og økonomisk berekraft. Det må ein ha som utgangspunkt for havbruksnæringa òg. Med kloke val og audmjukheit er det fullt mogleg både å endre og oppretthalde. Det er viktig at politikarane tek seg tid til å forstå kva dei no skal bestemme. Detaljregulering krev forståing av detaljane.