Sjøaure er den delen av ein aurebestand som vandrar ut frå ferskvatn til fjordar og kyststrok. Ikkje alle individa i ein bestand vandrar ut, og av dei som vandrar sym nokre langt og andre kort og nokre vandrar tidleg ut frå elva medan andre vandrar seint. Vandringa gjer han fordi tilgang til mat er betre i fjord- og kystområde, og dermed veks han betre enn i elv eller innsjø. Samstundes utsett vandrande fisk seg for auka risiko av ymse slag.
Ein av desse risikoane er påslag av lakselus. Oftast skjer vandringa på vår og sumar, og fell saman med tida der produksjonen av smittsame lakseluslarvar frå oppdrettsanlegga er aukande. Lakselusa trivst nesten like godt på sjøaure som på laks, og om luselarvane finn og festar seg på auren i stort monn, vert dette eit problem. Lusa et slim og vev frå huda til fisken, og dette kan skape grobotn for infeksjonar. Lågare vekst og tidleg vandring attende til ferskvatn kan bli resultatet, og nokre kan bli så sterkt infisert at dei døyr. Men i all hovudsak klarer det meste av sjøauren seg på ein god måte.
Det at sjøaureindivida har så varierande vandringsmønster gjer det vanskeleg å talfeste i kva grad lakselusa påverkar bestandane. Samstundes er det viktig å skaffe seg sikker nok kunnskap om påverknaden lakselusa kan ha på sjøauren om ein, som Stortinget har vedtatt å utgreie, skal regulere havbruksnæringa ut frå deira påverknad på sjøaurebestandar.
I Sognefjorden har me nytta fleire år med vandringsdata frå fem elvesystem der sjøaure er merka med akustiske sendarar. Førstegongsvandrande (smolt) og eldre fisk (veteranvandrarar) er inkludert i datamaterialet. Deira individuelle vandringsmønster og lagnad (overlever eller døyr på vandringa) har vi kopla med spreiingsmodellar for lusesmitte som Havforskningsinstituttet og Veterinærinstituttet har utvikla. På denne måten kunne vi utvikle ein individbasert modell der risiko for å døy grunna lakselusinfeksjon vart talfesta. Modellen viste at både smolt og veteranvandrarar har ein risiko for så høg lusesmitte at dei kan døy, men at denne risikoen avheng meir av deira individuelle vandringsmønster enn kva elv dei kjem frå.
Samanlikna med andre dødsfaktorar vart påverknaden frå lakselus berekna som låg til moderat for bestandane frå indre Sognefjorden, noko som samsvarar godt med vurderingar frå Vitskapleg råd for lakseforvaltning si trugselvurdering for sjøaure frå 2023. Samstundes er den individuelle åtferda viktigare for denne risikoen enn ulikt lusesmittepress i ulike år og kva elv dei kjem frå. Resultata viser tydeleg noko av kompleksiteten i å berekne skadepotensialet som lakselusa kan ha på sjøaurebestandane.
Den store individuelle variasjonen i åtferd er imponerande og truleg ein særs viktig del av sjøauren sin biologi, og også vel verd å studera vidare. Det finst liknande datasett på aurebestandar frå ein god del norske fjordar som no kan samanliknast med å bruke denne modellen, og vonleg gje betre kunnskap om sjøauren med meir presise berekningar av lusepåverknad.
Forskningen er finansiert av Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), Statsforvaltaren i Vestland, E- Co Energi AS, Østfold Energi AS, Vestland Fylkeskommune, Luster kommune, Årdal kommune, Mowi AS, Osland Havbruk AS og Sulefisk AS, som ein del av KUSTUS-prosjektet, samt SalmonTracking 2030.
Les meir om dette her: https://doi.org/10.1002/ecs2.70098
Hawley, K. L., H. A. Urke, T. Kristensen, and T. O. Haugen. 2024. “Individual Patterns of Anadromy Determine the Cost of Salmon Lice Exposure in Brown Trout.” Ecosphere 15 (12): e70098. https://doi.org/10.1002/ecs2.70098