Det er lett å tenke på Alf Prøysen si «I Bakvendtland», når ein les statsekretær Erlend Grimstad (Sp) sitt innlegg om nedlegging av Salmalaks-produksjonen. Støre-regjeringa sin sjømatpolitikk gir nemleg gjennomgåande heilt motsette resultat, enn det Ap og Sp sjølv hevdar.
Høgre har som mange andre, her medrekna Bremnes Seashore, peika på at rammevilkår og skatt er ein medverkande grunn til avvikling av Salma-produksjon og at 100 tilsette nå misser arbeider.
Men Ap og Sp veit betre, og statsekretæren hevder at Høgre nok ein gang viser manglande forståing om saksfeltet, før han endå ein gang skamrosar lakseskatten og formueskatten.
Påstanden om manglande kunnskap rammar naturleg nok ikkje berre Høgre, men òg selskapet sjølv og alle andre i næringa som har sagt liknande ting.
Det er i grunnen godt gjort å av Støre-regjeringa å meine dei har større kunnskap om sjømatnæringa enn næringsaktørane sjølv. Særleg overraskande er det likevel ikkje.
For berre nokre månadar sidan hevda jo Ap og Sp at dei store utbetalingane frå Havbruksfondet skuldast lakseskatten, og statsekretær Erlend Grimstad let seg heller ikkje affisere av kva næringa sjølv og andre meinte.
Det same såg vi forresten òg når det gjaldt lakseskatten. Som kjent ville Støre-regjeringa innføre ein grunnrenteskatt på 40 prosent, og med eit prisrådsystem som kunne medføre over 100 prosent skatt. Vi treng ikkje ein gang minne om at skatten blei sett i verk før høyringsfristen var ute, og at det framleis er stor uviss kring prisrådet.
Lakseskatten blei til og med forsøkt framstilt som noko positivt for havbruksselskapa, fordi staten skulle kome inn som ein hyggeleg «stille partnar».
Når Høgre hevda lakseskatten var uriktig på nær sagt alle plan, og at det òg gjaldt påstanden om «stille partnar», var Ap og Sp sitt svar igjen at vi ikkje forstod.
Det same når det gjeld formueskatten. Denne har Støre-regjeringa dobla på tre år, dels gjennom auka prosentsats, reduksjon i aksjerabatt og auke i utbytteskatt.
Nå hevder Ap i ein artikkel i NRK om Salmalaks-saka, stikk i strid med dei faktiske forhold at den ikkje er blitt dobla. Vidare hevder dei at formueskatten var høgre for ti år sidan, samtidig som dei underslår at det på den tida var; lågare verdsetting av enkelte eigendelar, lågare utbytteskatt, større aksjerabatt, større gjeldsfrådrag og mindre forskjell i skattetrykket mellom nordmenn og utlendingar.
Når Høgre vil fjerne formueskatten på arbeidande kapital for å betre rammevilkåra for næringslivet (og sikre finansieringa av velferdsstaten i åra framover) og fjerne forskjellbehandlinga mellom norsk og utanlandske eigarar, er melodien igjen at Høgre ikkje forstår. For det einaste gyldige synet på fjerning av formueskatt på arbeidande er jo det Ap og Sp meiner, nemleg at dette berre er gi skattelette til dei som har mest frå før.
I saka om nedlegging av Salmalaks-produksjonane har Høgre peika på det som går på skatt, andre viktige rammevilkår slik som Støre-regjeringa sin manglande behandling av Solberg-regjeringa sin Miljøteknologiordning (som kanskje òg kunne ha hindra nedtrekk i PO3 og PO4), og avslaget på sesongbasert MTB.
Vi kunne generelt òg lagt til Støre-regjeringa sin manglande oppfølging av Bearbeidingsutvalet sine mange forslag om å betre forholda for fiskeindustrien, som for eksempel å styrke marknaden for norsk sjømat og få redusert toll. Eller vi kunne har skrive om dei problema innleigeforbodet har gitt fiskeindustrien.
Høgre har i saka understreka at nedlegging av Salma-produksjonen skuldast fleire ting, men at det altså òg skuldast fleire forhold Støre-regjeringa må ta ansvar for.
Summen av Støre-regjeringa sine politiske grep – eller fråværet av slike – har gitt ein sjømatpolitikken som dei siste tre åra har ført til politisk usikkerheit, bortfall av investeringar, og mindre satsing og utvikling på berekraftig og miljøvenleg vekst. Altså det heilt motsett av det regjeringa sin politikk burde ha ført til.
Eg kjenner meg trygg på at Ap og Sp her òg ville hevde det motsette, og at det Høgre og sjømatnæringane som igjen ikkje forstår.
Men som det heiter i Alf Prøysen si vise, litt omskrive:
Ja, i Støre-land der kan alt gå an
Der er de like tøysete og rare alle mann