Går av som dagleg leiar i Lingalaks og Linga Service.
– Lingalaks selskapa er fantastisk spanande selskap med god produksjon, positivt omdømme innan dyrevelferd og lusehandtering, og med mange dyktige folk. Eg er svært glad i selskapet, men den lange avstanden og pendlinga har vore krevjande, og gjer at eg no vel å trekkje meg frå rolla som dagleg leiar, seier Nina Møgster i ei melding.
Møgster, som tidlegare arbeidde i Lerøy-konsernet, er busatt i Austevoll. Ho vart tilsett som ny dagleg leiar i Lingalaks i juni i fjor.
– Vi er djupt takksame for innsatsen Nina har lagt ned i selskapet, seier konsernsjef og hovudeigar Erlend Haugarvoll.
– Som dagleg leiar har ho hatt fokus på effektiv produksjon, forbetring av drifta vår og landa ein ny, oppdatert strategi for selskapet. Samstundes har vi full forståing for valet hennar om å prioritere familien. Selskapet ønskjer å takke Nina for hennar dedikerte innsats og ønskjer ho alt godt vidare. Vi er glade for at ho vil arbeide for oss ut november. Nina vil vere tilgjengeleg for selskapet ved behov fram til februar 2025.
Erlend Haugarvoll vil tre inn i rollen som dagleg leiar frå 13. november.