Eide tar over det gamle Sjøtroll-slakteriet på Brandasund

Nyheter
0

– Eide har dei siste åra jobba målretta med utvikling av ny teknologi for lusefrie anlegg gjennom Watermoon-satsinga parallelt med fokus på vertikal integrering i verdikjeda gjennom satsing på smolt og eige salsselskap. No tek me endå eit viktig strategisk steg på vegen med oppkjøp av slakteriet i Brandasund frå Lerøy Sjøtroll, seier Sondre Eide.

Selskapet har tru på at deira unike fortrinn som familiebedrift med over 50 års erfaring kombinert med mellom anna Watermoon-teknologien for lusefri produksjon, karbonnøytral laks, økologisk produksjon, visningssenteret Salmon Eye og restauranten Iris kan tilby eit unikt produkt med ei unik historie for kundane.

– Utan eit eige slakteri der me kan ha kontroll over prosessen og kvaliteten trur me det vil være vanskeleg å lukkast med dette arbeidet. Difor er Brandasund ei svært viktig langsiktig strategisk satsing for Eide.

Eide er glade over å kunne sikre vidare drift på Brandasund og ser fram til å kunne setje slakteriet i drift att og til å skapa nye arbeidsplassar i regionen.

– Me gler oss til å få fleire nye kollegaer på Eide Family-laget og til å skapa nye verdiar og ha det kjekt saman. Eide sin visjon er å setje standarden for framtidas havbruk. Vår ambisjon er at slakteriet i Brandasund skal bidra til dette gjennom å være eit føregangsslakteri innan kvalitet, HMS, berekraft og bruk av restråstoff, seier Eide i ei pressemelding.

– Me skal skapa eit slakteri som oppdrettarane drøymer om å få slakte fisken sin hjå, eit slakteri som kundane ute i verda forbind med pålitelegheit og ypperste kvalitet, og eit slakteri der ein har det kjekt på jobb og der dei tilsette er stolte av å arbeide.

Eide seier han har stor respekt for jobben Lerøy har gjort på Brandasund gjennom mange tiår og det gjev selskapet eit svært godt utgangspunkt for vidare satsing på slakteriet.

– Det gjer oss ekstra glade og stolte at me får med oss den tidlegare leiinga på slakteriet på vegen vidare, med Nils Stikholmen som dagleg leiar, Håkon Urangsæter Stensen som teknisk leiar og Monica Urang som produksjonsleiar.

– Me er svært glade for at Eide vil fortsetje drifta av slakteriet i Brandasund, og me ser fram til å ta fatt på oppgåvene som ligg føre oss. Framover skal me setje saman eit sterkt team med dyktige og motiverte medarbeidarar og føreta ein del oppgraderingar av anlegget, slik at me kan halde fram med trygg, effektiv og kvalitetsretta slakting og pakking av laks og aure, seier Nils Stikholmen.

Eide og Stikholmen varslar at dei i tida framover kjem til å rekruttere til ei rekkje spennande stillingar både ved slakteriet i Brandasund og til salsavdelinga.

– Me oppfordrar folk som er interesserte til å ta kontakt, avsluttar Eide.