Kjersti Haugen har tiltredd som dagleg leiar og salgsdirektør for Eide Seafood frå 1. november. Eide Seafood er Eide sitt salgsselskap som skal ta synergi frå Eide sin matproduksjon til kunde.
— Eg gler meg verkeleg til å arbeide med det mest innovative og nyskapande sjømatfirmaet i Noreg, seier Haugen.
Haugen har vore i næringa sidan 1987, og har mellom anna arbeidd for Lerøy, Seaborn og Arnalax. Sondre Eide er svært nøgd med rekrutteringa.
– Me har jobba mykje med innovasjon og utvikling i Eide dei siste åra. No me får Kjersti på laget, så er det for å setje skikkeleg trykk på markedsarbeidet og få innovasjonskvalitet nærmare sluttkunde.
Haugen har vore lenge i bransjen, og meiner det er svært spennande timing å slutte seg til Eide-laget.
– Bransjen har hatt ein rivande utvikling sidan eg byrja i 1987. Me ser at marknaden er i sterk endring, og framtidas kundar og forbrukarar kjem til å krevje meir av matindustrien. Eide er, slik eg ser det, eit av dei mest fremoverlente selskapa i bransjen. Alltid søkje og forbetre det me gjer idag, for ein betre dag i morgon. Me har evne til å tenkje nytt og utanfor «boksen», og er uredd i våre tilnærminger til utfordringar.
– Eg gler meg også til å samarbeide med «Salmon Eye» for å vise kven vi er og kva me gjer. Der er eit stort potensiale i å fortelje historia vår til alle som er interessert og vil lytte. Og dei er det mange av i verda. Laks og aure er ei av matvarene med lågast karbonavtrykk av alle proteinkilder. Det er sunn og trygg mat, og vi skal være svært stolte av å produsere slik fantastisk mat til kvardag og fest. Vi skal hugse på at kvar laks og aure me produserer, ender opp som ein matopplevelse, enten det er som sushi i farten i New York, som del av Yusheng tallerken i kinesisk nyttårsfeiring, eller som røykelaks til vår eigen søndagsfrukost, sier Haugen.
Sondre Eide fortel at Haugen blir ein viktig ressurs i det vidare arbeidet for Eide.
– Da å få nokon med ekstrem erfaring og kompetanse på noverande tidspunkt er viktig for oss. Heile Eide-laget arbeider knallhardt med innovasjon og utvikling. Me skal lage verdas beste sjømat, samtidig som me gjer det me kan for å løysa utfordringane til næringa. Det å få salgskraft inn i denne fasen, er litt som å få tak i det beste smøreapparatet rett før me skal gå femmila i Holmenkollen.