– Visningsanlegga må styrkast, ikkje fjernast

Meninger
0

Eg har svært vanskeleg for å tru at visningskonsesjonane kan bli dregne inn. Kven vil vere den som tettar den opninga som finst for at alle skal kunne kome ut til næringa, og stille spørsmål direkte?

Visningskonsesjonane har alltid vore «uekte barn» i forvaltninga. Krava har vore skjønnsmessige og svevande. Tildelingsprosessane har vore lite transparente. Der har stadig vanka skuldingar om at løyva blir brukte kynisk, for å produsere litt meir fisk.

Les også: Salmon Eye kan ryke

Uklart regelverk
Eg har vore involvert i mange visningskonsept. Ferdige konsept som ynskjer å utvikle tilbodet sitt. Aktørar med idear, som ynskjer å søkje om visning. Søkjarar som har fått avslag, og vil klage. Og dei som har visningsløyve på avmålt tid, og skal forsvare å få drive vidare.

Øyvind Kråkås, Havbrukspartner.

Mangelen på konkrete mål og krav, har heimsøkt desse prosessane. Søknader som har ført til tildeling eller avslag, har sett til forveksling like ut. Det som har vore framheva som eit godt moment ved ei tildeling, har blitt feia vekk som ikkje relevant hos ein søkar som fekk avslag. Dette er sjølvsagt og eit stort problem når ein søkjer forlenging. Kva var det eigentleg du skulle leve opp til?

Der har ikkje vore ein vilje til å tydeleggjere, og på den måten styrke, denne ordninga. At den no vert stilt for hogg som lite målretta, er difor ikkje uventa, men samstundes svært urimeleg. For trass i at ein har leita litt i blinde for kva som formelt sett skal vere målet med visningsanlegga, har aktørane som driv visning investert millionar av kroner og mengder av arbeid i å lage det dei meiner er best mogleg formidling av næringa og yrket.

Visning er meir enn bedriftsbesøk
Sjølvsagt kan bedrifter ta i mot besøk utan å ha visningsløyve. Men visningsanlegga har regulerte opningstider, og alle kan kome dit utan nokon prekvalifisering. Der er tilrettelagt for grupper og mangfaldet av menneske som kan vere interesserte i å ta verksemda nærare i augesyn. Og der er laga ei formidling som gjev mykje meir kunnskap og oppleving, enn det å sjå ut over fisken som sym i ei nót.

Ved sidan av at visningsanlegga legg til rette for skular, barnehagar, lag og foreiningar, eldre og yngre, so inngår mange av dei og sterkt i den lokale reiselivs- og opplevingsnæringa. Ved sidan av den faglege visningsaktiviteten, har dei gjerne servering, båtturar og ei tilpassing av formidlinga som gjere opplevinga til noko meir enn eit undervisningsopplegg. Mange samarbeider tett med lokale reiselivsaktørar, frå hotell til museum.

Visningsanlegga er ei opa dør inn til ei av Norges største næringar, med alt dette måtte implisere av spørsmål og informasjonsplikt. Å stenge denne porten, vil vere heilt meiningslaust. Då må ein heller tydeleggjere krava til kva eit godt nok visningsanlegg skal vere. Det hadde vore nyttig og opplysande for alle.

Salmon Eye. Illustrasjon: Eide Fjordbruk