Kristin Hide Truelsen ny dagleg leiar ved Myklebust Verft

Nyheter
0

Myklebust Verft har tilsett Kristin Hide Truelsen som ny dagleg leiar. Truelsen kjem frå stillinga som Site Manager for Brunvoll Volda.

I ei pressemelding fra selskapet kjem det fram at Vold Truelsen tiltrer rolla i august.

– Kristin kjem til Myklebust med brei erfaring innan maritim næring, og har arbeidd med prosjekt både nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til ei mastergrad i teknologiledelse, samt sitt virke i Brunvoll Volda, har Kristin lang leiarerfaring bak seg. Inkludert er 15 års fartstid frå ABB avdeling Ulsteinvik, der ho seinast var tilsett som Head of Project Management, seier styreleiar Per-Christian Kroepelien Lillebø.

– Vi ser det også som ein stor styrke at Kristin har relevant erfaring frå verftsnæringa. Ho starta si karriere som sveisar ved Ulstein Verft, og har i tillegg våre tilsett nettopp på Myklebust, som produksjonsplanleggar tidleg på 2000-talet, seier Lillebø vidare.

Kristin Hide Truelsen gler seg til å ta fatt på oppgåva:

– Eg ser verkeleg fram til å kome på plass. Myklebust har ein god posisjon i marknaden innanfor både nybyggingsaktivitet, ombyggingar og vedlikehald. Myklebust har ein svært erfaren og kompetent organisasjon, og det blir ei glede å få lede ei virksomheit, og eit lag, som er blant verdens beste skipsbyggjarar, seier Kristin Hide Truelsen.

Leiv Sindre Muren som i dag er konstituert dagleg leiar går tilbake til si stilling som økonomi- og finanssjef når Truelsen er på plass.