Visekonsernsjef i Bremnes Seashore-konsernet Einar Eide fråtrer ved utgangen av februar.
– Einar har vore sentral i utviklinga av Seashore-konsernet dei siste 15 åra. Me har i denne perioden teke store steg, og er i dag eit fullintegrert sjømatkonsern som finansielt og organisatorisk er godt rusta for vidare framgang. Eg er veldig takknemleg for Einar sin innsats for selskapet vårt, sier Olav Svendsen, konsernsjef og majoritetseigar i Bremnes Seashore, i ei pressemelding.
Einar Eide har lang fartstid i Bømlo-selskapet.
– Etter 15 år i selskapet er det med vemod eg går frå gode kollegaer og eit svært spennande sjømatkonsern. Eg ser fram til å ta fatt på nye moglegheiter og er trygg på at Bremnes Seashore-konsernet er klar for nye steg i tida framover, seier Einar Eide.
Linda Litlekalsøy Aase blei tidlegare i februar ansatt som ny konsernsjef i Bremnes Seashore.