Dagens regjering har skapt opprør i store deler av distrikts-Noreg.
«Folk lokalt forstår ikke hva slags politikk Senterpartiet nå fører. Og jeg må si at jeg skjønner dem», seier Senterparti-ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda (Aftenposten, 16/11).
Ap/Sp-regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett har skapt massepermitteringar og investeringsstopp i havbruksnæringa, og sett ein stopp både for milliard-investeringar i fornybar energi i distrikta og for utbetalingar av utbyte frå kraftselskapa til mange distrikts-kommunar. I tillegg blir både verdigrunnlaget i formueskatten og utbyteskatten skrudd opp – noko som er særskild kritisk for mange små og mellomstore lokalt eigde bedrifter i distrikta.
Dette er elendig distriktspolitikk. Det kan ikkje vere slik at kvar gong det Sp-leia Finansdepartementet manglar pengar, er det distrikts-næringslivet som skal betale rekninga. Då raknar grunnlaget for busetjing og vekstkraft over heile landet.
I Venstres alternative statsbudsjett teiknar vi opp ein heilt annan kurs for distrikts-Noreg – ein distriktspolitikk som ser framover. Det aller viktigaste distrikts-grepet Venstre gjer i statsbudsjettet, er å reversere og bremse dei fleste av regjeringa sine framlegg om distrikts-fiendtlege skatteskjerpingar. Vi vil ha ein meir rettferdig og føreseieleg havbruksskatt, kutte det såkalla «høgprisbidraget» på vasskraft og seier nei til auka arbeidsgivaravgift, auka utbyteskatt og til skjerpingar i formueskatten som særleg råkar bedrifter i distrikta med store verdiar bundne i fast eigedom.
Venstre sin «distrikts-skattepakke» vil sikre og skape fleire gode, trygge jobbar i distrikta i grøne framtidsnæringar – og meir lokalt eigarskap. Det er det som dannar grunnlaget for vekst og framtids-optimisme.
I tillegg styrkar Venstre budsjettløyvingane til viktige distriktstiltak som breiband og opprusting av fylkesvegar. Vi styrkar utviklingskrafta over heile landet gjennom meir midlar til dei regionale forskingsfonda, auka løyvingar til næringsretta forsking og til å gje distrikts-kommunar økonomisk støtte til å gjennomføre gode klimatiltak (Klimasats).
Vi aukar også satsinga på å etablere fleire «distriktshubar» for statlege arbeidsplassar, for å legge til rette for å flytte fleire statlege arbeidsplassar ut av storbyane. Det er mykje viktigare enn øyremerka midlar til å splitte opp fylke og kommunar og reversere politireforma, som regjeringa har prioritert i sitt statsbudsjett.
Distriktspolitikk må vere meir enn store ord, symbolpolitikk og reversering. God distriktspolitikk må peike framover, ikkje bakover. Vi må få framtidstrua, det nye grøne næringslivet og ungdommen på lag med distrikta. Den vegen peikar vi ut i Venstres alternative statsbudsjett.