Den 1. oktober overtok Trygve Hallberg som ny dagleg leiar i Akvahub.
Akvahub er ei felles forskings- og utviklingsavdeling for verksemder med tilknyting til havbruksnæringa, og har hovudkontor i Leirvik i Hyllestad kommune. Han overtek roret etter at Asbjørn Løland, som har leda selskapet sidan starten i 2016, no går vidare til ein av Akvahub sine eigarar og samarbeidspartar Bulandet Miljøfisk for realisere deira planar for landbasert oppdrett.

Hallberg har vært med på laget som prosjektleiar i Akvahub sidan mai i fjor, og er utdanna havbruksbiolog med master frå Universitetet i Bergen. Han har god kjennskap til havbruksnæringa ved å ha jobba som produksjonssjef i eit familieeigd oppdrettsselskap og som biolog på operasjonar i felt.
– Havbruksnæringa byr på noko av det beste Norge har å by på. Her skapast store verdiar og mange arbeidsplassar i eit samspel mellom distrikta og byane, og ein ser ein rivande utvikling kvert einaste år. Å få være med på å bidra med berekraftig utvikling i denne næringa er noko eg brenn for, seier påtroppande dagleg leiar, Trygve Hallberg.
Styret i Akvahub er svært glad for at Hallberg ynskjer å ta rolla som dagleg leiar i Akvahub.
– Han har bakgrunnen som trengs, og han har svært god kjennskap til næringa som Akvahub skal bistå. Vi ser fram til vidare utvikling av Akvahub med Trygve leiar, uttaler styret.






