Den komande auksjonen for nytt produksjonsvolum nærmar seg, og det herskar stor usikkerheit blant dei etablerte aktørane. Den varsla skatteauken, med grunnrente, skjerpa formueskatt og auke i utbytteskatt, har gjort at mange er usikre på om kva løyva vil vere verdt i framtida, og ikkje minst kva det kan kaste av seg å kjøpe eit lite ekstra volum no.
– Der er vel dei som meiner at dette er sjansen til å gjere eit godt kjøp, men kven veit kva som er eit godt kjøp no? På den eine sida skal ein få oversikt over effekten av dei nye skattane og dei justerte satsane. Samstundes er det usikkert kva dei eldre løyva no vil bli verdsette til i utrekninga av formueskatten, seier Øyvind Kråkås, som er rådgjevar for ei gruppe mindre aktørar gjennom selskapet Havbrukspartner.

Mange har no teke til orde for at auksjonen bør utsetjast til ein har betre oversikt over kva dei nye skattekostnadane vil innebere.
Les også: Her er minsteprisene for auksjonen av nye oppdrettskonsesjoner
– Det ville vere klokt å vente med auksjonen, til skodda lettar litt rundt alt dette nye. Å kjøpe volum no blir for rein spekulasjon å rekne. Det er komplekse utrekningar, og mange uavklarte moment å ta med i grunnlaget for å setje ein pris ein kan stå inne for. Det er få produksjonsområde som er opne for vekst, og det vil vere eit lite volum i den store samanhengen. Om ein ynskjer ein god og ryddig auksjonsrunde, vil det vere enkelt og rett å utsetje det heile.
– Nokre har meint at næringa no demonstrerer mot endringane i skattesystemet ved å utsetje investeringar?
– Det å utsetje investeringar og avstå frå vekst, er jo ingen fordel for ein næringsaktør. Det kan i verste fall svekke konkurranseevna og produktiviteten. At mange no vel å gå til dette steget, understrekar alvoret og mangelen på avklaringar i situasjonen. Det er resultatet av at for mykje skjer for fort, og at usikkerheita rår. Det ser du i børskursane, så vel som hos dei lokale aktørane, seier Kråkås.






