Lakserømming ved Flekkefjord

Nyheter
0

Mowi har meldt om ei rømmingshending ved eit av sine anlegg i Stolsfjorden i Agder.

Selskapet rapporterte tysdag om ein større skade i ei not på lokaliteten Pinnen utanfor Flekkefjord. Notskaden hadde oppstått i samband med ein avlusingsoperasjon.

Det melder Fiskeridirektoratet.

Omfanget av rømminga er ikkje klarlagt. Den aktuelle nota har oppdrettslaks med storleik på cirka tre kg.

Fiskeridirektoratet vil følgje opp saka.