Hol i notveggen.
Holet i nota etter makrellstørja som tok seg inn i ei merd hjå Osland Havbruk i Høyanger vart sydd etter få timar laurdag.
Les også: Jeger måtte avlive 330 kilos makrellstørje i laksemerd
– Det er ingen ny rømningsfare slik me ser det no, seier dagleg leiar i Osland Havbruk, Marte Hatlevik, til NRK.
Dei opplyser at ei mindre mengd laks er gjenfiska, og at dei framleis driv aktiv gjenfangst. Dei ber private som fiskar i området om å melda inn eventuell fangst.