Frode Melsether overtek som dagleg leiar i SjømatStaden. Melsether vil tiltre stilliga 1. juli.
SjømatStaden får ein solid leiar med bransjeerfaring som i tillegg har lokal tilhøyrigheit. Frode Melsether overtek stillinga frå Lars Endre Myklebust som har fungert som dagleg leiar i oppstartfasen av selskapet.
Myklebust kjem fortsatt til å jobbe aktivt vidare i selskapet.
Melsether kjem frå Måløy og har bakgrunn frå sjømatbransjen. Han er utdanna
Diplomøkonom frå Handelshøyskolen BI, og har gjennom 22 år i Coast
Seafood opparbeidd seg brei kompetanse innan ulike delar av næringa. Den siste perioden har han vore CTO (teknisk direktør.) Den unike samansettinga av kompetanse innan leiing, økonomi, teknologi og sjømat vil vere ein stor styrke for SjømatStaden i vidare utvikling.
– Det å få mogelegheit til å være med på denne satsinga lokalt, saman med innovative og engasjerte eigarar som ønsker å bygge stein på stein blir utruleg spanande. Eg gler meg til å vere med å utvikle eit heilt unikt konsept med fokus på «sjømat for framtida». Samstundes ønsker eg å takke Sverre, Martin og alle kollegaer i Coast-konsernet for ei utruleg kjekk og lærerik reise gjennom 22 år, sier Melsether i ei melding.
Styret og eigarar i SjømatStaden er svært fornøgd med tilsettinga av Frode Melsether. Det er administrasjonen i selskapet som har gjennomført rekrutteringsprosessen.
– Frode har bakgrunn frå eit av dei mest suksessrike selskapa i regionen. Han har vore del av ei reise som har gjeve formidable resultat. Den unike kompetansen innanfor leiing, økonomi, teknologi og sjømat som Frode innehar, er akkurat det SjømatStaden treng framover. Vi er trygge på at vi får den utviklinga vi ønskjer
med Frode som dagleg leiar. Han vil jobbe tett saman med styre og eigarar får å nå dei strategiske måla til SjømatStaden. Vi ser fram til at Frode blir ein del av laget vårt, seier styreleder Oskar Kvernevik.
– Frode står for dei same verdiane som ligg i botnen hjå SjømatStaden. Kvernevik og Eide er familieigde bedrifter med lange tradisjonar. Ein lokal leiar med fokus på å legge stein på stein har vore avgjerande for valet av Melsether.
SjømatStaden er lokalisert på Bryggja i Nordfjord. Selskapet er eigd av familiebedriftene Kvernevik Gruppa og Eide Fjordbruk. SjømatStaden jobbar med å etablere eit senter for produksjon av sjømat for framtida. Sentralt i satsinga står produksjon av laks i lukka sjø- og landanlegg. Selskapet er i prosessen med detaljregulering av området samt søknadar om konsesjonar på land og i sjø. Planen er i å igangsette utbygging i 2023.






