Alasker Fjordbruk søkjer driftsleiar på Salar Bruk

PowerPoint-presentasjon

Alsaker Fjordbruk er eit solid havbrukskonsern i stadig vekst. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt og har om lag 1,2 milliard NOK i omsetning. Me er i overkant av 200 tilsette i Hordaland og Rogaland, som jobbar hardt og målretta for å halda fram den gode utviklinga. Kjekt har me det óg! Les meir om oss på www.alsaker.no

Driftsleiar på Salar Bruk

Du er på jakt etter ein utfordrande jobb i ein bransje som kombinerer biologi, teknologi og framtidstenking. Salar Bruk vart etablert i 1961, og ligg på Rossland i Meland kommune, om lag 20 min frå Knarvik og 35 min frå Bergen. Dei siste åra har settefiskanlegget gjennomgått ein omfattande modernisering og framstår i dag som eit moderne anlegg med stor kapasitet. Salar Bruk har konsesjon for 11,5 mill. smolt årleg og står for ein viktig del av verdiskapinga i Alsaker Fjordbruk konsern.

Vår driftsleiar går no over til annan stilling i konsernet. Til å stå for planlegging og gjennomføring av den daglege drifta søkjer me difor etter ny leiar på Salar Bruk AS.
Sentrale arbeidsoppgåver

  • Planlegging og optimalisering av smoltproduksjonen
  • Budsjett- og resultatansvar
  • Personalansvar
  • Rapportering

Eigenskapar:
Me søkjer etter deg som er påliteleg, resultat- og løysingsorientert. Du har gode leiareigenskapar og organisatoriske evner. Du er på leit etter ein jobb som krev svært mykje av deg og som gjev deg utfordringar. Godt arbeidsmiljø og god fiskevelferd er viktig for deg. Du er også lett å samarbeida med.

Du har relevant utdanning og jobberfaring.

Me kan tilby:
Ein spanande jobb med konkurransedyktige vilkår i eit aktivt og framtidsretta oppdrettskonsern.
Stillinga vil rapportera til adm. dir i konsernet. Oppstart etter avtale.

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt:
Adm.dir Gerhard Meidell Alsaker på tlf. 53 43 01 10/ mob. 90 10 5000

Send skriftleg søknad med CV og relevante vedlegg på
e-post til [email protected]

Søknadsfrist er snarast og innan 22.april.2014.