Offshore-verft på Stord inngår langsiktig samarbeidsavtale med Ecomerden

Nyheter
0

Leirvik og Ecomerden har inngått ein 5-årig samarbeidsavtale om fabrikasjon av Ecomerden sine lukka anlegg for produksjon av laks i sjø.

Avtalen er starten på eit langsiktig samarbeid med levering av den patenterte merdkonstruksjonen, både nasjonalt og internasjonalt. Leirvik sin kompetanse og kapasitet til bygging av aluminium og leveranse av prosjekt passar fint inn med Ecomerden si løysing for lukka merdar i sjø, fremgår det av en pressemelding.

I mai 2021 inngjekk Leirvik kontrakt med Ecomerden om levering av den første  «Ecomerden R30» – fabrikkert av Leirvik på verftet i Aslaksvik på Stord. Denne er no klar for levering til Eide Fjordbruk i midten av september. 

Neste leveranse er allereie signert med levering i starten av januar 2022.  

– Leirvik har ein unik ekspertise på prosjektering, bygging og prosjektgjennomføring på  store konstruksjonar i aluminium, som me no tar med oss inn i vår strategiske satsing mot  Akvakultur. Me er difor svært glade for denne første leveransen, og ser fram til komande  samarbeid og levering av fleire, seier administrerande direktør Helge Gjøsæter. 

Leirvik er leiande leverandør av bustadhotell og modular til offshoreindustrien nasjonalt og internasjonalt. Selskapet har lang erfaring innan store aluminiumskonstruksjonar, prosjektering, bygging og gjennomføring, og vidarefører no innan nye område som akvakultur, infrastruktur og havvind. Leirvik har hovudkontor og verft på Stord, og har 260 tilsette med ein unik, tverrfagleg kompetanse. Denne dekkjer alt frå konseptstudie til nøkkelferdig overlevering, ombygging, vedlikehald og levetidsforlengande oppgraderingar offshore.

Foto: Ecomerden