Israelske Aqua Maof skal levere teknologien til Smart Salmon-anlegget i Smørhamn. Adm. dir. Petter Bakke framhevar RAS-teknologien som energieffektiv og med redusert risiko.
Den reduserte risikoen for biologiske utfordringar kjem ifølgje Bakke blant anna av at teknologien nyttar sedimenteringstank i staden for trommelfilter.
– Mindre kan gå gale når vatnet gjer jobben i filtera sjølv, seier Bakke og skildrar sedimentering som eit betre alternativ enn trommelfilter, der vatnet må pressast gjennom med kraftige pumper. Det er ofte i slike filter der vatnet blir rensa for gjenbruk at biologiske utfordringar oppstår i samband med tradisjonell nordisk RAS-teknologi. Dette er ein av kodane som må knekkast for å lukkast med landbasert oppdrett på stader der ein ikkje kan nytte seg av gjennomstrøyming.
Les også: Smart Salmon-sjefen meiner satsing til 350 mill. vil gje gode marginar
Ferskvatn frå vassverk
Ifølgje Bakke har Smart Salmon gjort avtale med Bremanger kommune om å bruke ferskvatn frå det lokale Ryland vassverk. Inntak av sjøvatn er ikkje aktuelt før i andre byggetrinn, men det blir lagt til rette for grøft til sjøen i samband med grunnarbeid i første fase. Behovet for saltvatn i anlegget i første byggetrinn vil bli dekka av ferskvatn tilsett salt.
– Straumforbruket med teknologien vi skal bruke vil vere 2,5 kWt per kg fisk vi produserer. Dette er langt under snittet for bransjen. Det har mest med filtreringa og vannflyten å gjere. Aqua Maof har lang erfaring med å drive effektivt RAS-landbasert oppdrett sidan dei har avgrensa tilgang på vatn i Israel. Dei har mellom anna eit oppdrettsanlegg i Negevørkenen. Og teknologien er brukt i eit matfiskanlegg i Polen der dei produserer laks opp til 6-7 kilo. Dei er til stades over heile verda, og teknologien er godt utprøvd. Vi har vore og besøkt dei fleire gongar, både i Israel og Polen. Kvaliteten på fisken er svært bra, seier Bakke.
Aqua Maof har også 7,3 prosent eigardel i morselskapet Smart Salmon Group.
Smart Salmon planlegg byggestart etter sommarferien i år, og Bakke trur dei kan ha 500 gram stor fisk klar for marknaden vinteren 2023.
Intensjonsavtale for sal
Bakke fortel at dei har inngått intensjonsavtale med ein aktør om kjøp av ein tredjedel av produksjonen til Smart Salmon, utan at han vil gå nærmare inn på kven denne kunden er.
– Vi trur også marknadssituasjonen rundt oss vil vere god. Smørhamn er i mange samanhengar ein utkant, men i denne samanhengen ligg det i skipsleia midt i eit område med mange oppdrettsaktørar. Det er kort veg til ein stor marknad.
Ifølgje Bakke planlegg dei å byrje prosjekteringa for andre byggetrinn, med ytterlegare 5.000 tonn årleg biomasse, våren 2022. Den langsiktige ambisjonen til Smart Salmon er å produsere minst 30.000 tonn årleg biomasse. Dette vil kreve utviding av konsesjonar og kjøp av nye areal for satsinga. Konsesjonen dei har i dag er på 7.500 tonn, medan dei jobbar med konsesjon for 10.000 tonn i Frankrike.