Tombre med ny satsing på økologisk laks

Nyheter
1358

Dette er i tråd med selskapet sitt langsiktige arbeid med å sikra god fiskevelferd og gode miljøforhold. Det svarar òg heilt til marknadens etterspurnad etter kvalitet og næringsrik mat som kjem frå ansvarlege matprodusentar.

Tombre har sumaren 2020 tatt imot sin første økologiske fisk i Skogseidvatnet. Fisken kom då frå Femangerlaks som òg er godkjent for å produsera økologisk.

– Dette er ei ny satsing som firmaet ynskjer å innføre på delar av produksjonen. Målet er å levere økologisk fisk med Ø-merkje frå lokalitet Nygård i Samnanger allereie til neste år, seier dagleg leiar Håkon Tombre i ei pressemelding.

Fakta

DEBIO Om Økologisk oppdrett Økologisk oppdrett[2] merkast med Ø-merkje og omfattar oppdrett av ulike arter i ferskvatn, brakkvatn og saltvatn, samt blåskjel og tang/tare. Miljøet i omkringliggande vass- og landområde skal påverke i minst mogleg grad og smittestoff, parasitter og medisin restar skal ikkje påverka villfisk og det marine miljøet. Fôret er frå økologisk landbruk eller avskjer frå berekraftig fiske og annan fisk som ikkje blir brukt til menneskeføde. Økologisk oppdrettsfisk har meir plass i merdane.

Debio-godkjenning
Debio er ein kontrollinstans som gjennomgår og godkjenner økologisk produksjon i Noreg. Debio arbeider for ein meir berekraftig produksjon av mat til forbrukar som sikrast gjennom sertifiserings- og merkeordningar. I 2017 kom det ei eiga forskrift med EU-forordningar som legg til grunn kva kriteria produsentane skal oppfylla. Tombre er no godkjend for ein slik produksjon på to setjefiskanlegg og eit matfiskanlegg.

Drifta hos Tombre tilpassast fortløpande for ein berekraftig produksjon i samsvar med regelverket forvalta av Mattilsynet. Mellom anna skal fisken stå i nøter utan impregnering. Ein konsekvens av nøter utan impregnering vil væra at ein under drift må spyla nøtene oftare for å holda dei reine. Reine nøter vil sikra fisken tilgong på nok oksygenrikt og friskt vatten.

Tombre Sagvik. Foto: Tombre

– Det fine er at fisken i økologisk produksjon får betre plass å boltra seg på og dermed betrast fiskens velferd. Samstundes blir belastninga på lokalitet og omkringliggjande miljø lågare, seier Håkon Tombre.

Det stillast strengare krav til bestanddelane i fôret, til dømes at det skal komme frå økologisk landbruk eller avskjer frå berekraftig fiske og annan fisk som ikkje blir brukt til menneskeføde.

Eit godt liv i sjøen
Yngelen står per i dag i anlegg i Skogseidvassdraget og skal i løpet av hausten flyttast ut i merdar i sjø for vidare produksjon. Nøter tilpassa formålet er no under bestilling for lokalitet Nygård i Samnanger der fisken er planlagt å gå fram mot slakt.  

Foto: Tombre

Tombre har hatt god erfaring med fisken som står ute i opne merdar i ferskvatn før den går i sjø, og forventar at ein får eit godt grunnlag for ein vellukka produksjon med å gjera det på denne måten. Forsking frå NMBU[1] viser mellom anna at fisk som veks med naturlege miljøforhold gjer større og friskare laks.  Fisken skal bli om lag 100 gram før den setjast ut i sjøen, kor mesteparten av veksten skjer fram til den blir hausta frå cirka 4,5 kg og oppover.

Satsing på økologisk laks vil vere ei vidareføring av den grøne strategien som firmaet allereie arbeider med i dag. Tombre vil kontinuerleg jobbe med å finna gode løysingar for å kunne tilby økologisk laks for forbrukarar verda over gjennom heile året. 

Skogseidvatnet er mellom anna kjent som eit av dei beste fiskevatna i landet. Det var her det heile starta alt i 1971 då Per Tombre starta produksjon av regnbogeaure som attåtnæring til jordbruksdrifta. På 1980-tallet starta produksjonen av laksesmolt i same vatn, og i 1988 utvida sonen Håkon Tombre med lakseproduksjon i Hardangerfjorden. Seinare har selskapet ekspandert, og i dag driv ein ni matfisk og to setjefisk tillatelsar i Tombregruppa. Denne er no samansett av Tombre Fiskeanlegg, Quatro Laks, Fjord Drift, Fjord Farm og Drageid Laks.

Tombre-lokalitet i Sogn. Foto: Tombre