Alsaker Fjordbruk søkjer driftsleiar

PowerPoint-presentasjon

Alsaker Fjordbruk er eit solid havbrukskonsern i stadig vekst. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt og har om lag 1,2 milliard NOK i omsetning. Me er i overkant av 200 tilsette i Hordaland og Rogaland, som jobbar hardt og målretta for å halda fram den gode utviklinga. Kjekt har me det óg!  
Les meir om oss på  www.alsaker.no

DRIFTSLEIAR PÅ FJON

Vil du bli leiar på eit av verdas største smoltanlegg?

Du er på jakt etter ein utfordrande jobb i ein bransje som kombinerer biologi, teknologi og framtidstenking. Fjon Bruk blei etablert i 1973 og ligg 25 minuttar frå Haugesund, i Sveio kommune i Sunnhordland. Dei siste åra har settefiskanlegget gjennomgått ei omfattande utbygging, og produksjonskapasiteten er no på heile 20 millionar smolt. Fjon Bruk AS står for ein viktig del av verdiskapinga i Alsaker Fjordbruk konsern.

Vår driftsleiar nærmar seg pensjonistane sine rekkjer etter 40 år i selskapet. Til å stå for planlegging og gjennomføring av den daglege drifta, søkjer me difor etter ny øvste leiar på Fjon Bruk AS.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Planlegging og optimalisering av yngel- og smoltproduksjonen
  • Budsjett- og resultatansvar
  • Personalansvar
  • Rapportering

Eigenskapar:
Me søkjer etter deg som er påliteleg, resultat- og løysingsorientert. Du har gode leiareigenskapar og organisatoriske evner. Du er på leit etter ein jobb som krev svært mykje av deg og som gjev deg utfordringar. Godt arbeidsmiljø og god fiskevelferd er viktig for deg. Du er også lett å samarbeida med.

Du har relevant utdanning og jobberfaring.

Me kan tilby:
Ein spanande jobb med konkurransedyktige vilkår i eit aktivt og framtidsretta oppdrettskonsern.
Stillinga vil rapportera til adm. dir i konsernet.
Oppstart etter avtale.

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt:
Adm.dir Gerhard Meidell Alsaker på tlf. 53 43 01 10/ mob. 90 10 50 00

Send skriftleg søknad med CV og relevante vedlegg på
e-post til [email protected]

Søknadsfrist er snarast og innan 10.02.2014