Den vesle gjestgjevarstaden Skjerjehamn i Gulen har fra årsskiftet ansatt Viggo Randal med ansvar for visningssenteret for oppdrett og kulturformidling.
Skjerjehamn har i ei årrekke drive formidling ved Firda Seafood sin visningskonsesjon for oppdrett, å fornya i fjor den permanente utstillinga med konseptet med ”Blue Garden” som vart åpna av Fiskeridirektør Liv Holmefjord.
Randal er for mange kjent som primus motor bak den årvisse Utkant festivalen siste veka i juli kvart år. No er han tilsett som visnings og kulturansvarleg på Skjerjehamn. Stillinga han tek til i har eit hovudfokus på å vidareutvikle formidlinga av stadens tilknytting til oppdrett gjennom Firda Seafood sin visningskonsesjonen for laks og aure.
Sjølv om dei fleste i området kjenner Randal frå Utkant, er det i oppdrettsnæringa han starta karriera si, og familien hans starta med oppdrett så tidleg som i 1970. Det var difor naturleg at han valde både å ta utdanning og starte sitt virke innan næringa.
– Nokre av dei første minnene eg har er med eit ausekar i handa, innpakka i ein alt for stor redningsvest, når eg var med han far ned for å mate laksen og auren me hadde i ein heimesnikra merd. I min ungdom var eg aldri i tvil om kva eg skulle verte, eg skulle drive med oppdrett av fisk, nett slik far min gjorde, seier han.
Fram til 2010 var det oppdrett som var inntektskjelda for Randal. Oppvekst og yrkesval har gjort at Randal er lommekjent i Gulen sin skjergard, og vant med å ferdast på sjøen, noko ein må kalle eit fortinn når ein skal ha med turister ut på oppdrettsanlegg og det er med bakgrunn i denne allsidigheten at eigaren av Skjerjeham, Ola Braanaas, har henta akkurat han til jobben.
– I dag er det havbruk som bærer Skjerjehamn, og for oss som driv med havbruk er det viktig å få formidla historien om kvifor verdiskapningen fra oppdrett av laks og ørret er så viktig for samfunn langs hele norskekysten. Viggo har ein unik kompetanse, som passar Skjerjehamn godt, du finn ikkje mange som både har lokale røtter og har kunnskap om Havbruk og kultur langt ute i utkanten, seier Ola Braanaas.
Skjerjehamn har gjennom det siste tiåret etablert seg som ein av dei største turistdestinasjonane i regionen, mellom anna har samarbeidet med Norled gitt mange besøkande. I 2018 var Skjerjehamn blant dei størst stoppa med snøggbåten, mellom Bergen og Sogn og hadde tett på 5.000 passasjerar. Staden er har også vorten ein ynda plass for både lokale bedrifter, båtfolk, festivalgjester, bryllupsgjester og overnattingsgjester frå inn- og utland.
– Denne stillinga byr på mange spanande utfordringar å syne for besøkjande den unike posisjon havbruk har hatt historisk og dei framtidsretta visjonane næringa har. Eg ser på denne stillinga som svært interessant og utfordrande, med allsidige arbeidsoppgåver, innanfor fleire felt eg har stor interesse og kunnskap innanfor, avsluttar Randal.