36.700 laks rømte frå Lingalaks-anlegg

Nyheter
978

Frå oppdrettsanlegget ved Varaldsøy i Hardangerfjorden er det rømt 36 700 laks, der 3250 av disse er gjenfanga. Det viser opptellinga til eigaren Lingalaks ifølge Fiskeridirektoratet.

Skaden vart oppdaga om ettermiddagen tysdag 24. mai, og Fiskeridirektoratet vart varsla umiddelbart.

Oppdrettsselskapets foreløpige vurdering er at årsaka til rømminga er revne i not i samband med ein arbeidsoperasjon. Fiskeridirektoratet skal på inspeksjon på anlegget førstkommende mandag for å finne ut meir om årsaka til rømmingshendinga.

Det er alt observert at den rømte fisken har spreidd seg til eit større område, og Fiskeridirektoratet region Vest har etter samråd med Fylkesmannen i Hordaland pålagt Lingalaks utvida gjenfangstplikt.

Per 26. mai var det fiska opp cirka 3250 fisk. Snittstorleiken på fisken er cirka 4-4,5 kilo.

Det er berre selskapet som kan drive garnfiske i samband med utvidinga av gjenfangstplikta. Fiskeridirektoratet har stilt krav om at garna skal senkast til tre meter og det kan ikkje fiskast nærare enn 100 meter frå elvemunningar eller i fredningssonene. Fredningssoner er skilta. All villfisk skal setjast ut igjen.

Lingalaks har etablert ein mottaksstasjon, der privatpersonar kan levere inn den rømte laksen dei har fiska med stang. Lingalaks gir ein dusør på 200 kroner per rømt laks som vert levert inn til selskapet. Fiskaren kan behalde fisken mot at feittfinnen vert fjerna av Lingalaks sitt personell.

Slik fangst kan leverast til Lingalaks sin lokalitet i Bergadalen på Omastrand.