30 oppdrettslaks tatt i laksefella i Etne

Nyheter
839

Det var tysdag denne veka at Fiskeridirektoratet slo alarm etter mange meldingar om stor oppdrettslaks i Hardangerfjorden og Sunnhordlandsbassenget. Førebels har ingen oppdrettarar meldt om uhell, men direktoratet har blinka ut tre anlegg som aktuelle.

Grannar var ved laksefella i Etne torsdag ettermiddag var statusen 41 fanga oppdrettslaks så langt i år. 30 av desse er tatt dei siste dagane. Folka bak oppsynet konstaterer at det stadig kjem in fleire og trur at dei passerer hundre oppdrettslaks i løpet av helga.

— Alle fiskane er mellom fem og åtte kilo, og er gyteklare, seier Tor Egil Holmedal som har hovudoppsynet med laksefella.

Laksefella inngår i eit nasjonalt prosjekt som også oppdrettsnæringa er med og finansierer.

— Resultatet er bra; det har aldri vore så lite oppdrettslaks i elva som nå. I fjor tok me ut 180 oppdrettslaks frå fella, samstundes som det blei fiska 150 i området nedafor, seier Holmedal til Grannar.

Medan oppdrettslaksen effektivt blir stansa i fella og avliva, blir villaksen sortert opp og sleppt oppover. Så langt i år har det passert heile 450 laks og rundt 500 aure.