13 av 17 eigarar i selskapa bur i bygda Hyen i Nordfjord, to har nær familietilknyting og dei to siste bur i same kommune.
Lokalt eigde
I fjor omsette dei tre selskapa for nesten 100 millionar kroner, skriv Salmon Group.
– Vi er små i ein stor marknad, og viss selskapa ikkje hadde vore lokalt eigde, er det ikkje sikkert dei hadde vore i dette området. Det er viktig at dei som sit med det avgjerande ordet har lokalt tilhøyrsle, seier Kurt Djupvik til avisa Firda.
Forsiktig
Han er styreleiar i Hyen fisk og Sande Settefisk og styremedlem i Nordfjord Laks.
– Vi har lagt vekk på å drive forsiktig og let overskotet styrkje selskapa for at dei skal ha ryggrad til å møte også vanskelege tider, seier Djupvik.