Stortinget har vedteke å utbetale 40 prosent av staten sitt totale vederlag for løyve til lakseoppdrett i tildelingsrunden 2013 til dei kommunar der løyva vert etablert. Totalt vert det betalt ut 481,6 millionar kroner, og kvart løyve gjev den enkelte kommunen 10,7 millionar kroner.
Utbetalinga er kompensasjon til kommunane som nyttar fellesarealet sitt til oppdrettsnæring. Midlane frå staten er «frie midlar» som kommunen kan bruke etter eige ynskje og behov.
Solund kommune sine midlar er sett av på fond, og det er kommunestyret som avgjer korleis dei skal brukast.
– Solund kommune står framfor mange tunge investeringar dei neste åra og difor vil desse midlane vere eit viktig bidrag i arbeidet med utviklinga av lokalsamfunnet. Det er ekstra flott at det er Sulefisk, ein lokal aktør som satsar på nye konsesjonar, som på denne måten bidreg til at kommunen får mogelegheit til nye satsingar i framtida, seier ordførar Gunn Åmdal Mongstad (Sp) i ei pressemelding.