Ny brønnbåt produserer ferskvatn frå sjøen

Nyheter
1537

I samarbeid med utstyrsprodusenten Peter Taboada SA i spanske Vigo og Skipsteknisk AS i Ålesund, har Intership lukkast med å re-designe eit ferskvassanlegg (omvendt osmose), slik at ein får plass til eit stort anlegg om bord i ein brønnbåt.

Saman med tilknytt system, vil ein kunne fylle båten raskt med ferskvatn og dermed kunne drive kontinuerleg ferskvassbehandling av oppdrettsfisk mot lakselus og AGD, uten tilførsel av ferskvann frå eksterne kilder, skriv selskapet i ei pressemelding.

Femårsavtale
Selskapet har inngått ein femårsavtale med Marine Harvest Scotland for bruk av anlegget på den Skipsteknisk-designa brønnbåten Inter Caledonia, ein båt som no er under bygging ved Besiktas skipsvert i Tyrkia. Den 69,9 meter lange og 17 meter breie brønnbåten har et netto brønnvolum på 2.000 kubikkmeter, og skal vere ferdig rundt komande årsskifte.

Tidlegare Sølvtrans-sjef Ole Peter Brandal er administrerande direktør i Intership. Foto: Intership

– Dette er eit system som vår flåtesjef Kjetil Opshaug har arbeidd med i lang tid. For oss er det eit stort gjennombrot at anlegget no er ferdig til å takast i bruk. Vi er særs nøgde med den kvalitetssikringa som bestillinga frå Marine Harvest inneber, seier administrandre direktør Ole Peter Brandal i Intership.

Administrerande direktør Alan Sutherland ved Marine Harvest Scotland ser fram til  å ta i bruk Inter Caledonia, som vert verdas første brønnbåt med ferskvassproduksjon om bord.

Avgjerande
– Kontinuerleg behandling med ferskvatn vil vere avgjerande for den framtidige kampen mot både lakselus og AGD. Systemet frå Intership er effektivt, ein får lavare kostnader enn med andre behandlingsformer og løysinga hindrar potensiell laksedød ettersom ein ikkje bruker kjemikaliar.

Intership har som mål å vekse, og vil ta i bruk teknologien på alle framtidige nybygg.

Systemet er patentsøkt.

Intership vart etablert i 2013. I tillegg til nybygget Inter Caledonia, opererer selskapet brønnbåten Christine under ein langtidsavtale med Grieg Seafood i Finnmark samt brønnbåten Roy Kristian for Marine Harvest Canada, British Colombia.