Nærare 100 anlegg må innføre nye rutinar for avlusing

Nyheter
1825

Mellom 90 og 100 anlegg i Hordaland og Sogn og Fjordane må følgje dei skjerpa reglane for bruk av avlusingsmiddel med kitinsyntesehemmarar.

Fiskeridirektoratet region Vest har kartlagt kva anlegg som ligg i eit område nærare enn 1.000 meter frå rekefelt, og kome fram til at mellom 90 og 100 anlegg i Hordaland og Sogn og Fjordane fell inn under forskriftsendringa om strengare restriksjonar på bruken av kitinsyntesehemmarar.

– I første omgang går vi ut med informasjon til oppdrettarane om at dei må passe på å følgje dei nye restriksjonane. Vi opplyser og om forskrift om transport av akvakulturdyr, som seier at det ikkje er tillatte å dumpe badevatn brukt til behandling av lus nærare enn 500 meter frå eit rekefelt eller eit gytefelt for reker, seier seksjonssjef i region Vest, Leni Marie Lisæter.

Utvendige parasittar, som lakselus, er eit av dei mest alvorlege fiskehelseproblema i norsk fiskeoppdrett. Kitinsyntesehemmarar er eit avlusingsmiddel brukt i fôr, og skal bidra til at skalskiftet til lakselusa blir hemma.

Fiskeridirektoratet har tilsynsansvar for det som hamnar på botn under anlegga. Dette gjeld mellom anna oppfølging av miljøundersøkingar og legemiddelbruk.

– No går vi ut og informerer, men etter kvart vil Fiskeridirektoratet reagere strengare overfor dei som ikkje følgjer reglane. Eg minner og om at alle oppdrettarar sjølve har ei plikt til å halde seg oppdaterte på endringar i regelverket, avsluttar Lisæter.