Metoden gjev grunnlag for store feilkjelder

Nyheter
751

I dag arrangera Sjømat Norge eit opent møte om overvaking av rømt oppdrettslaks i elv. Målet er å synleggjere erfaringar frå prosjekt gjennomført i regi av det gamle Miljøfondet, og gjere det nye overvakingsprogrammet best mogeleg.

iLaks har snakka med direktør for næringsutvikling og samfunnskontakt Aina Valland  i Sjømat Noreg for ein gjennomgang av dei viktigaste erfaringane. Ho viser i første rekke til at innslaget av laks i norske lakseelver ikkje er så høgt som ein har trudd tidlegare, men i nokre elver finn ein fortsatt for mykje oppdrettslaks. Ein har også lært mykje om metodikk og feilkjelder som ein må ta med seg vidare i arbeidet med nytt overvakingsprogram.

Diskusjon om overvakingsfiske
Prosjekt gjennomført i regi av Miljøfondet har mellom anna avdekka store feilkjelder i samband med overvakingsfisket på hausten. Dette fisket har føregått i områder i elva der innslaget av oppdrettslaks har vore høgt, så har ein brukt desse tala for å vise kor mykje oppdrettsfisk som er i heile elva. Men det gjev ikkje eit rett bilete av situasjonen, meina Valland.

I tillegg har ein dokumentert at oppdrettslaksen er mykje meir bitevillig enn villaksen i denne perioden, noko som også gjev grunnlag for å diskutere fangstmetodane. Valland meina likevel at undersøkingar basert på eit målretta haustfiske, har vore eit viktig arbeid, men erfaringane frå prosjekt i regi av miljøfondet har medført at ein no jobbar for å finne årsprosenten med utgangspunkt i totaltrykket i elva.

Det vil alltid vere feilkjelder
Men sjølv om ein har lært mykje om metodar for uttak av villaks, er det enno utfordringar knytt til metodikken, og Valland trur ikkje det er mogeleg å bli heilt kvitt feilkjeldene. Målet er å få det så rett som mogeleg, og at ein ikkje skadar villaksen.

– Vi må finne metodar som gjere det mogeleg å ta ut oppdrettslaks i sesongen utan at ein stressar villaksen meir enn nødvendig, seier Valland til iLaks.

Problematisk med stangfiske
Valland viser til eit eksempel som synleggjer kor viktig det er å finn rett metode for utfisking av oppdrettslaks. Tor Mesje ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) har gjort ei utrekning på stangfiske og effektivitet i Namsen. Dersom ein fiskar etter rømt oppdrettslaks i Namsen med stang vil det ta ni tusen timar å ta ut 350 oppdrettslaks. På same tid vil ein få 2500 villaks på kroken, som då blir forstyrra i gytetida.