Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp). FOTO: Børge Sandnes, Frp.

Vil styrkje kunnskapen om smitte og smitterisiko knytt til havbruk

Nyheter
853

Regjeringa vil styrkje kunnskap om havets helse og foreslår å setje av 30 millionar kroner i budsjettet for 2019.

– Eit av FNs bærekraftsmål er å bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremmer bærekraftig utvikling. Med regjeringas havsatsing vil vi bidra til å realisere verdiskapingspotensialet i havet gjennom berekraftig vekst. Dette budsjettet er eit viktig skritt mot å nå FN sine mål, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp).

Regjeringa har gjennom fleire år satsa på marin forsking. Årets satsing på havets helse skal bidra til at vi får meir kunnskap om havet raskare enn før gjennom nye og meir effektive metodar for prøvetaking og digitalisering av analysar.

– Målet er å få kunnskap raskare slik at vi kan leggje til rette for god forvalting, lønnsemd og vekst i næringa, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik.

Satsinga skal gi raskare og betre informasjon om:

  • endringar i det marine miljøet som følgje av forureining og anna påverknad, med vekt på kystmiljøet
  • smitte og smitterisiko knytt til havbruk
  • samspelet mellom bestandane i havet. Dette skal gi eit betre kunnskapsgrunnlag for fleirbestandsforvalting
  • effekten av nano- og mikroplast på marine ressursar