Vil avluse 450 tonn i timen med denne båten

Nyheter
6136

Ifølgje Arne Bakke får båten «Seisund» Norges største avlusningsanlegg. Med fire Optilicer-ar skal dei avluse 450 tonn i timen.

– Her er det full rulle, seier Arne Bakke, dagleg leiar i Brødrene Bakke, som held til på Austevoll. Fortøydd mellom Navøy og Spissøy held dei på å installere nytt utsyr på Seisund, som vart bygd i 1991, før den vart oppgradert i 2001.

EFFEKTIVT: Denne båten skal ifølgje dagleg leiar i Brødrene Bakke, Arne Bakke, avluse 450 tonn i timen. FOTO: Ole Alexander Saue.

I midten av september vonar dei at båten er klar for prøvekøyring.

– Det har blitt brukt ein god del pengar på båten no, ler Bakke.

Det var Marsteinen som omtalte saka først.

Gigantisk
Ifølgje Arne sin yngre bror, Edvard, har dei brukt 66 millionar kroner på utstyr til båten som kosta reiarlaget 35 millionar kroner. Investeringane står likevel oppdrettsselskapa Lingalaks, Tomregruppen og Eide fjordbruk for. Brødrene Bakke skal drifte båten i teneste for dei tre oppdrettsselskapa.

BRØDRE: Dagleg leiar i Brødrene Bakke, Arne (t.v.), og veslebror Edvard. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Det har vore stor interesse for dette anlegget, då den vil korte ned tørketida for fisken, seier Arne og Edvard Bakke frå styrhuset i Seisund.

Ingenting på den 26 år gamle båten er av små dimensjonar. Pumpesystemet er så stort at «me kunne sendt folk gjennom det», ifølgje Arne. OptiMar har aldri levert fire avlusingsmaskinar til éin kunde før, og Stranda Prolog har aldri levert eit så stort vakuumanlegg før.

– No skal me klare å avluse ei heil merd på to timar, seier Arne.

AKTIVITET: Dei jobbar hardt for å få ferdigstilt «Seisund». FOTO: Ole Alexander Saue.

Fiskevelferd
Dei legg òg vekt på at det er viktig at fisken får ei skånsam handtering.

– Me har runde og fine bogar i røyra, for å gjera minst mogeleg skade på fisken. Her er det fiskevelferd heile vegen, seier Arne vidare.

Brødrene Bakke har for tida drygt 30 tilsette og totalt fem båtar i drift. Om lag 12-15 personar arbeider om bord på båten som i tillegg til nye avlusingsmaskinar får nye kranar, kablar, eit gigantisk vakuumanlegg, næringssystem, pumpesystem, aggregat, fyrkjele og filter.