Vietnam-eksporten stuper

Nyheter
662

Auka direkteeksport av norsk laks til Kina reduserer eksporten av norsk laks til Vietnam med to tredjedelar.

Som Asias største marknad for norsk laks etter veke 14 i 2017, er situasjonen no snudd på hovudet for foredlingsnasjonen Vietnam.

På same tidspunkt i 2017 vart det eksportert 7.464 tonn til Vietnam. Til samanlikning gjekk 4.515 tonn til Japan, og 3.881 tonn til Sør-Korea.

I år er Vietnam-eksporten nede på skarve 2.522 tonn. Det gir ein prosentnedgang på 66,2.

– Det er heilt stopp på Vietnam. Det er kun til kundar der, og det er ikkje mykje, sa ein norsk eksportør til iLaks for halvannen veke sidan i kjølvatnet av opprulling av smuglerliga teken i Kina med norsk laks verd over 700 millionar kroner.

Gradvis nedgang
I takt med auka Kina- og Hong Kong-eksport, rasar eksporten til «lakse-hub»-en Vietnam. Eksporten til Kina og Hong Kong har gått opp heile 196 prosent frå 3.100 tonn til 9.176 tonn.

– Me ser det var ein gradvis nedgang i fjor haust, så me samanliknar med ein veldig sterk periode i fjor, seier sjømatanalytikar Paul T. Aandahl når han forklarar Vietnam-eksporten.

Sidan i fjor haust har eksporten til Kina og Hong Kong sett gradvis lysare ut, medan eksporten til Vietnam har gått motsett veg. Det skuldast truleg at laksen som går til Vietnam vert foredla og selt vidare.

Chile-konkurranse
Er auka Kina-eksport direkte årsak til Vietnam-fallet?

– Vietnam er vidareforedlingsnasjon – ein «hub» for laks – for mange land i regionen – mellom anna Kina. Det her er samensett, seier Aandahl.

– I tillegg har me fått auka konkurranse frå chilensk laks. Dei hadde ein svak produksjon i fjor, men er no tilbake til ein normalsituasjon. Då må me venta at tilgangen til konkurrerande laks auker, seier han vidare.

Smuglerliga
Tidlegare denne månaden vart ein smuglerliga vart teken i Kina med laks verdt over 700 millionar kroner. Laksen kom hovudsakleg frå Vietnam.

Korleis vil dette påverke eksporten til Vietnam?

– Det vil eg ikkje spekulere i. Me ser for oss ein jamn vekst. Om ein ser vekk frå valutautfordringane me har no, vil Asia og Kina vere dei største marknadane med størst vekst på sikt, seier analytikaren.