– Vestlandet er gjennominfisert av PD

Nyheter
1514

Pankreassjukdom (PD) uroar stadig.

– Det er dei gamle travarane som uroar om dagen. Lakselus er det det er, og pregar kvardagane, men så mar me òg PD, som i veldig stor grad set sitt preg på tilværet. Vestlandet er gjennominfisert og det har blitt meir utbreidd, seier Brit Hjeltnes i Veterinærinstituttet. Ho er fagansvarlig for fiskehelse.

Oppsummeringa for fiskehelseåret 2016 viste at PD var den mest sentrale virussjukdommen. Den 15. februar kjem oppsømmeringsrapporten for 2017.

Kva er det som opptek de, og oppdrettarane, mest om dagen?

– Det kjem an på kven ein spør og kvar ein er i landet. I fiskehelserapporten gjorde me ei dataundersøkjing blant fiskehelsepersonell. Då kom PD høgt opp, men det var skilnadar på kvar i landet ein var. Vestlendingane sette den høgt på lista, seier ho.

Den nye PD-forskrifta vart lagt fram på bordet i haust har motteke kritikk frå ei rekkje ulike hald.

Veterinærinstituttet har stått i front for å kritisere den nye praksisen som inneber at ein smitta fisk kan stå i sjøen fram til slakt så lenge den ikkje utgjer ein stor smitterisiko.

– PD er ein ein fare. Det opptak oss i stor grad. Den nye PD-forskrifta, og forslaga som no ligg på bordet, vil auke spreiinga nordover, seier Hjeltnes, og gjentek det fiskehelseansvarleg Brit Tørud sa til Dagens Næringsliv i romjula.