Verste på fire år: Heile åtte oppdrettarar over lusegrensa i Sogn og Fjordane

Nyheter
1500

Ikkje sidan desember 2014 har det vore fleire lokalitetar over lusegrensa i produksjonsområde 4 enn veke 37 (10.-16. september)

– Det er lus som er hovudfokuset for augneblinken, seier Ove Inge Vågen, dagleg leiar i Svanøy Havbruk, til iLaks.

17,2 prosent
Totalt 35 lokalitetar var over lusegrensa førre veke. Heile fire av ti var i PO4, ifølgje Barentswatch sin fiskehelseoversikt.

I alt 14 lokalitetar var raude frå Nordhordland til Stadt. Det utgjer totalt 17,2 prosent av alle lokalitetane. Ikkje sidan desember 2014 har det vore fleire lokalitetar over lusegrensa i området.

Alle desse hadde éin eller fleire raude lokalitetar i veke 37:

  • Marine Harvest, 3
  • Osland Havbruk, 2
  • Firda Seaofod, 2
  • Steinvik Fiskefarm, 2
  • Landøy Fiskeoppdrett, 1
  • Blom Fiskeoppdrett, 1
  • Erko Sefaood, 1
  • K Strømmen Lakseoppdrett, 1
  • Svanøy Havbruk, 1

Det har ikkje lukkast iLaks å få ein kommentar frå dei øvrige oppdrettarane.

– Det har vore mykje påslag i det siste. Det er ikkje tvil om det. Det gjer at me forserer slaktinga og gjer ein del tiltak. Me har behandla noko, både med Thermolicer, Optilicer og spylarar, seier Vågen til iLaks.

Varm sommar
– Me tykkjer termisk behandling gir best effekt. Det skal så lite til for å skade fisken med spylarane, så ein må vere varsam.

iLaks skreiv tysdag om lusekrise i nord, som har ført til at Salaks har slakta ut fisk som følgje av påslaga. Òg i resten av landet ser lusa ut til å kome tilbake.

– I år har me hatt ein varmare sommar, så det har nok hatt effekt. No kjem det mykje regn, så då får me i tillegg eit brakkvannslag. Det går opp og ned, seier Vågen.

Håpar på vêr og vind
Svanøy Havbruk driv per i dag på tre lokalitetar.

– Når me kjem inn i oktober så roar det seg vanlegvis, seier Vågen og legg til:

– Me har eit håp om litt vêr og vind framover, så gjer at me får kaldare vatn.

Her er alle lokalitetane over lusegrensa:

  • PO3 (Karmøy til Sotra): 1
  • PO4 (Nordhordland til Stadt): 14
  • PO5 (Stadt til Hustadvika): 4
  • PO6 (Nordmøre og Sør-Trøndelag): 4
  • PO7 (Nord-Trøndelag med Bindal): 3
  • PO8 (Helgeland til Bodø): 2
  • PO9 (Vestfjorden og Vesterålen): 4
  • PO10 (Andøya til Senja): 3