Verste luseveke på nesten eitt år. Marine Harvest har ti lokalitetar over lusegrensa

Nyheter
1594

Heile 36 lokalitetar over lusegrensa på 0,5 vaksne holus i førre veke. Det er 17 meir enn veka før.

– Det er krevjande på enkelte anlegg, seier kommunikasjonssjef i Marine Harvest, Ola Helge Hjetland, til iLaks.

Tala er henta frå Barentswatch sin fiskehelsestatistikk.

Kommunikasjonssjef i Marine Harvest, Ola Helge Hjetland. FOTO: Marine Harvest

Lusesesong
Ikkje sidan veke 38 (18.sep-24.sep.) i 2017 har det vore fleire lokalitetar over lusegrensa enn i veke 32. No er det seinsommar og høgsesong for lusa.

Spesielt i Hordaland og Sogn og Fjordane var det ein del lokalitetar over lusegrensa. Marine Harvest står for heile ti av dei «raude» lokalitetane.

– Etter eit godt år, med relativt låge lusetal, merkar me etter kvart den varme sommaren med høge sjøtemperaturar, seier Hjetland vidare.

I løpet av dei siste to kalenderåra har berre fire veker har hatt fleire lokalitetar over lusegrensa enn førre veke.

Tiltak
Oppdrettsgiganten slit spesielt ute på Sotra og i Nordfjord.

– Me har god kontroll på nivåa og iverkset tiltak der det er naudsynt, seier Hjetland, og følgjer opp:

– For oss handlar det om hyppig teljing og overvaking av situasjonen, slik at me kan iverksetje dei rette tiltaka på rett tidspunkt.

Verstinglokaliteten til Marine Harvest, Skorpeosen på Sotra, har 1,5 holus per fisk. Den har lege over lusegrensa i tre veker på rad. Verst i landet er Emilsen Fisk sin lokalitet Nordgjæslingan i Vikna i Trøndelag, med 2,4 holus per fisk.