– Verktøykassa mot lakselus er tom

Nyheter
1061

Miljø, berekraft og vekst er stikkord for dei to seminardagane i Florø. Nettopp vekst er eit stikkord for regjeringa, som skal legge fram vekstmeldinga til påsketider i år, skriv Vest24.

– Ikkje godt nok
Amund Drønen Ringdal, statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet var på plass for å informere om regjeringa sitt kartleggingsarbeid.

– Verktøykassa er i realiteten ganske tom når det gjeld å bekjempe lakselusproblematikken. Det er mange lovande utviklingsprosjekt i arbeidet mot lakselus, men per i dag er situasjonen ikkje god nok. Vi må ha ei miljøforvaltning som tek høgde for kontroller vekst og mangedobling av produksjonen fram mot år 2050, sier Ringdal til Vest24.

Han viste til at veksten i sjømatnæringa sin havbruksdel har ein visjon om ei seksdobling fram mot 2050, medan fiskeridelen vil ha vanskar med å få til nokon særleg auke.

Regjeringa har kartlagt ulike moglege vekstmodellar, og ein handlingsregel basert på miljøindikatorar har vore mest diskutert. Det skal leie til enten grønn, gul eller raud sone. I grøn sone kan ein få vekst, i gul sone står veksten på vent, medan raud sone kan få pålegg om reduksjon av produksjon.

– Må gje lik moglegheit til vekst for alle aktørane.
Administrerande direktør Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk utfordra Solberg-regjeringa sin statsekretær på bakdelane med å forvalte vekst ut frå vurdering av store soner.

– Det mest rettferdige og det som gir næringa mogleheiter til langsiktig planlegging, er å gje lik moglegheit til vekst for alle aktørane. Då kan dei som kan vise til gode resultat på miljøvennleg drift få høve til å vekse. Dersom ein berre skal tillate vekst viss heile soner skal ligge til grunn, så blir det lite føreseieleg og lite rettferdig, sier Flora-oppdrettaren til nettstedet, som har tolka regjeringa slik at det går mot ein handlingsregel basert på miljøindikatorar med bruk av soner og miljøindiktatorar.