Verdas største produksjonslinje offisielt opna

Nyheter
1580

Bransjetoppar, tilsette, og media møtte opp i hopetal då BioMar hadde si offisielle opning av den nye produksjonslinja som aukar kapasiteten med heile 70 prosent, til 340.000 tonn. Kapasiteten selte dei for lenga sidan.

Både statssekretær Roy Angelvik, direktør i BioMar Norge, Jan Sverre Røsstad, og konsernsjef, Carlos Diaz, var på talarstolen onsdag ettermiddag.

NY PRODUKSJONSLINJE: Her er den flunkande nye produksjonslinja ved fabrikken på Karmøy. FOTO: Ole Alexander Saue.

Selt kapasiteten
Direktør i Norge, Jan Sverre Røsstad, var ein glad mann onsdag, og sette pris på oppmøtet ved fabrikken på Karmøy. Han kunne òg informera om at heile den enorme kapasiteten er selt.

– Produksjonen sette me i gang på svært kort tid. Kapasiteten hadde me selt ut allereie før me kom i gang. Om det ikkje har vore blod, var det iallfall sveitte og tårer som fann stad her i løpet av sommaren, sa han.

DIREKTØR: Jan Sverre Røsstad. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Me er ekstremt stolte over Karmøy-fabrikken. Me har sterk tru på den norske oppdrettsnæringa. Den har sine utfordringar, og det vil den alltid ha, men i BioMar har me klokkartru på at næringa, saman med staten, vil løyse delar av dei utfordringane, sa han.

– Fantastisk utvikling
Statssekretær Roy Angelvik hadde berre lovord å koma med om utvidinga.

– Opninga av denne linja er eit vitnesbyrd om den fantastiske utviklinga denne næringa har hatt. Gratulerer så mykje med dagen, sa Angelvik frå podiet som første talar.

TALTE FOR FORSAMLINGA: Roy Angelvik, statssekretær. FOTO: Ole Alexander Saue.

Om lag 430 millionar kroner er investert i prosjektet som vart påbyrja i 2012.

– Det vitnar om nytekning, langsiktigheit og satsing. De er den einaste verksemda som nyttar krill i fôret, og er den første berekraftsertifiserte havbruksverksemda. Det er gjennomgåande i heile verksemda, sa han.

«Center of excellence»
Konsernsjef Carlos Diaz, som stadig vekk vitjar fabrikkane i Norge, var ein stolt mann då han tala for forsamlinga som telde fleire hundre oppmøtte.

– For BioMar er ikkje Norge berre ein stor marknad, det er den desidert mest moderne og avanserte akvakulturmarknaden i verda, sa Diaz.

KONSERNSJEF: Carlos Diaz i BioMar. FOTO: Ole Alexander Saue.

Fabrikken kunne ha vore opna på ein heilt ny fabrikk, ein heilt annan stad langs norskekysten. Eller i utlandet. Likevel valde dei den eksisterande fabrikken på Karmøy.

– Dette er «center of excellence», seier Diaz til iLaks, og legg til:

– Me har fantastiske produksjonsfasiliteter her, og i tillegg er FoU-avdelinga i Trondheim.

Følg med på iLaks.no torsdag for fleire reportasjar frå opninga.