I dette vesle bygget på Bømlo har Napier blitt verdsleiande på prosessebåtar

Nyheter
4003

Sidan 2008 har Bømlo-reiarlaget Napier drifta M/S Tauranga for Marine Harvest. No vil dei løfta konseptet fleire hakk, ifølgje dagleg leiar, Kjetil Tufteland.

Om ein tilfeldig ruslar forbi det kvite huset, med «Napier A/S»-skiltet hengjande på fasaden, er det lite som minnar om 32 millionar kroner i omsetnad, Marine Harvest-kontrakt og verdsleiande teknologi. Likevel; i kontorbygget ved Langevåg på Bømlo sit Tufteland og svogeren Arnt Eidesvik, medan 14 tilsette vekslar på å halda deira einaste båt, MS Tauranga, som er under kontrakt med Marine Harvest, bemanna.

NAPIER: Her sit Kjetil Tufteland og Arnt Eidesvik i reiarlaget Napier. FOTO: Ole Alexander Saue.

Betre bløggetid
– Me skal løfta prosessbåtkonseptet mange hakk vidare når me no utviklar «MS Taupo». Oppdrettsselskapa har gitt signal om at prosessbåt er framtida. Allereie no ligg me langt framfor alle konkurrentane, og det skal me òg gjera i framtida, seier Tufteland til iLaks.

Taupo, som vert bygd og designa av høvesvis Fitjar Mekaniske Verksted (FMV) og Heimly, skal etter planen vera klar i slutten av 2018. Den tek med seg den viktigaste teknologien til Tauranga, medan effektiviteten skal aukast.

– Me skal fornya fabrikkdesignet, utelata komponentar som ikkje er naudsynt å ha med i fabrikken – slik at ein slepp å kaste bort tid på å unaudsynleg vasking. I tillegg skal bløggetida betrast; det vil minske tida i ventemerdane, seier Tufteland vidare.

«MS Tauranga». FOTO: Napier AS

Avansert teknologi
Han jobbar tett med FMV. To-tre dagar i veka er han på Fitjar, kor han òg er født og oppvaksen. – Ein er jo nøydd til å fortelja korleis den skal vera, seier han, og legg til:

– Dei er veldig komplekse og avanserte, så det er lett å gjera feil ved bygging.

– Ein brønnbåt er vidareutvikla over 40 år, så vidareutviklingspotensialet er avgrensa. No har me den einaste prosessbåten i Norge, så potensialet for utvikling er stort.

Oppdrettsfartøy står tradisjonelt sett altfor mykje i ro, som følgje av tid brukt på nedvasking. Lossing og lasting tek òg mykje tid. For full nedvasking av Tauranga tek det om lag fem timar. På den nye prosessbåten skal det ta langt mindre tid.

– Me skal få ned vasketida på om lag ein time, seier Tufteland.

NØGD: Kjetil Tufteland i Napier er nøgd med marknadsresponsen på MS Taupo. FOTO: Ole Alexander Saue.

Innovative
Har marknaden vore treig med å forstå fordelane ved ein prosessbåt?

– Ja, det må eg sei, men likevel tek eg sjølvkritikk for å ikkje ha klart å formidla det til marknaden.

Kva dei har gjort for å ta steget forbi konkurrentane vil han ikkje røpa.

Marine Harvest er svært nøgd med Tauranga. I fjor fornya dei kontrakten med tre år – halvanna år før kontrakten gjekk ut. Sidan 2008 har Tauranga bløgga 400.00 tonn. Den neste båten har dei ikkje inngått ein avtale på, men interessa er stor, ifølgje Tufteland.

Steinsvik på laget
Tidlegare i år kom Duen (eigd av Steinsvik-direktør Bjørn Apeland) og Steinsvik inn på eigarsida med 25 prosent kvar. 

– Det er ikkje for å leggja oss ned for å slappa av, for å seia det slik. Dette gjer me for å mobilisera for vidare vekst, seier han.

Til no har Napier vore eit lite «nisje-reiarlag». Dei såg tidleg potensialet til prosessbåtane.

– Me såg tidleg at dette ville bli populært, og no ser det ut til at me får rett. – Me har vore forut for vår tid. Det gjeld òg skuveskott, som me var åleine med i seks-sju år.

Lokalt
Tufteland tykkjer det er stas å bygge båt hos lokale FMV, som òg tilbyr design med samarbeidsselskapet Heimli.

– Me har hatt ein god kontakt med FMV, og har arbeidd med dei tidlegare. Den førre båten dei bygde for oss, solgte me under bygging, men me fekk svært godt inntrykk av dei.

– FMV har vore flinke med fiske- og oppdrettsbåtar, store og små, i lengre tid. I tillegg er det veldig kjekt å gjera det lokalt. Kvifor skal me reisa nordover når me kan gjera det her?

Illustrasjon av «MS Taupa».