Vanvittige marginar for rognkjeksprodusentane

Nyheter
1742

Rognkjeks er stadig godbutikk.

Den blå leppefisken har blitt den tredje største oppdrettsarten i Norge etter at den viste seg som eit effektivt og miljøvenleg våpen mot lakselusa.

Aukande etterspurnad
Etterspurnaden er stor, og etter kvart byrjar òg tilbodet og bli stort.

iLaks har sett på 2017-resultata til 12 ulike rognkjeksoppdrettarar. Ingen går i minus, og berre tre selskap har ein driftsmargin på under 20 prosent.

– For vår del er etterspurnaden aukande. Våre faste kundar aukar forbruket år etter år, og me får fantastisk tilbakemelding på kvaliteten som gjer at me er av føretrekt leverandør til forskningsmiljø til dømes, seier dagleg leiar i Vest Aqua Base, Nils Bjarte Sætrevik, til iLaks.

Faste kundar
Dei produserte i 2017 om lag 1,6 millionar fisk, og ser føre seg ein auke på 15 prosent i 2018, og vil med det ende på drygt 1,8 millionar fisk.

Dei har konsesjon på 115 tonn biomasse, som gir 4,6 millionar fisk med ei snittvekt på 25 gram.

– Me har faste kundar, med innkjøpsavtalar, men til tider leverer me på spot. Hovudsakleg går det til dei faste som me har avtalar med, seier Sætrevik. Han ynskjer ikkje å opplyse om kontraktsprisar på rognkjeksen dei sel.

DAGLEG LEIAR: Nils Bjarte Sætrevik i Vest Aqua. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Me vurderer fortløpande utvikling, seier han.

Vest Aqua Base er eigd av Austevoll Melaks, Eide Fjordbruk, Langøylaks, Tombre Fiskeanlegg, Engesund Fiskeoppdrett, Troland Lakseoppdrett og Telavåg Fiskeoppdrett.

22-23 kroner/stk
Talet på rognkjeksoppdrettarar har skote i vêret dei siste åra, og ein byrjar å nærme seg 40 oppdrettarar etter det iLaks kjenner til.

Namdal Rensefisk, eigd av Bjørøya, Marine Harvest, Emilsen Fisk, Midt-Norsk Havbruik, Aqua Gen og Nova Sea, er blant dei.

– Me har eigarar som tek det meste av fisken me produserer, seier dagleg leiar i selskapet, Per Anton Løfsnæs, til iLaks.

– Men spot-prisane ligg på 22-23 kroner/stk, vaksinert 50 gram. Akkurat no er etterspurnaden aukande, så no er marknaden litt betre, seier han.

Namdal Settefisk produserer om lag to millionar fisk i 2018.