Uvêr forseinkar sjøsetjing av «Aquatraz». Snart skal 180.000 fisk ut i merda

Nyheter
2749

Dei siste månadane har Midt-Norsk Havbruk jobba intensivt for å ferdigstille den semi-lukka merden «Aquatraz».

Det var i april 2017 at MNH fekk tildelt fire løyver til å utvikle Aquatraz-merden. No er konstruksjonen ferdigstilt på Fosen Yard i Rissa i Indre Fosen kommune, og no gjenstår det berre å få den frakta opp til lokalitet Eiterfjorden i Nærøy kommune.

– Den var ferdig 14. september, men dårleg vêr har gjort at me ikkje har fått den ut enno, seier prosjektleiar, Steingrim Holm, til iLaks.

Miljøprogram
Han opplyser vidare at 180.000 laks med vekt på like under 1.000 gram skal setjast ut. Deretter følgjer det eit tett oppfølgjingsprogram.

– Me har eit ganske omfattande biologisk måleprogram for å følgje fisken. Me har ei referansemerd for å samanlikne med fisken i Aquatraz. At me skal gjennomføre eit biologisk miljøprogram er ein del av tilsagnet me har fått. Det går på fiskehelse, velferd, lus, tilvekst og produktkvalitet, seier han vidare.

– Me er spente no, og ser fram til å få fisk i sjøen. Me har god tru på prosjektet, men det er alltid kjekt å få det testa i fullskala, seier Holm.

Avhengig av betre vêr
MNH har enno ikkje fastsett eit tidspunkt for når konstruksjonen skal slepast den lange vegen frå verftet til Nærøy.

– Det er vanskeleg å seie når det vil skje. Det er dårleg vêr langs kysten, og me er avhengig av betre vêrforhold når me skal slepe den frå verftet til lokaliteten.

Saka held fram under biletet.

Aquatraz. FOTO: MNH.

3.120 tonn
Holm fortel at dei er nøgd med resultatet etter fleire år med utvikling og bygging.

– Arbeidet den siste tida har vore bra. Me er veldig nøgd med resultatet, så det ser veldig bra ut. Me har testa løftesystemet, og det fungerer veldig bra. Me gler oss til å få merden til lokaliteten og utføre siste testprogram.

Løyvene er på totalt 3.120 tonn.

Godt i gang med den andre
Totalt fire Aquatraz-merdar skal byggjast. Den andre kjem, etter planen, ved årsskiftet 2018/2019, medan dei to siste kjem i løpet av første halvår av 2019.

Alle merdane vert bygd ved Fosen Yard.

– Verftet er godt i gang med produksjon av merd nummer to, seier Holm.

Kvar merd har ein kapasitet på 1.000 tonn biomasse.