«Uvanleg store mengder» smolt gjekk tapt for Marine Harvest

1092

No jobbar Marine Harvest for å finne ut kva som forårsaka dødelegheit ved setjefiskanlegget i Fjæra i Etne kommune.

– Det stemmer at me diverre har mista unormalt store mengder smolt ved setjefiskanlegget i Fjæra, seier kommunikasjonssjef i Marine Harvest, Ola Helge Hjetland, til iLaks.

Les også: Bygger smoltanlegg i bygd truet av fraflytting

Jobbar med Mattilsynet
Han kan enno ikkje seie noko om mengde eller talet på fisk. Storleiken varierer.

– Me er ikkje oppe i 500 tonn, men det er diverre unormalt store mengder fisk, seier han.

– Selskapet jobbar no med Mattilsynet, leverandørar og våre RAS-ekspertar for å finne ut kva som har hendt, seier han.

Gjennomgår tankar
Hendinga fann stad like før, og i, påska.

Kva gjer de for å kartleggje kva som har hendt?

– Det blir å gå gjennom dei berørte tankane for å sjå om det kan skuldast feil i teknologi, fysiske løysingar eller noko med vassinntak eller forureining. Det er mykje som må gjennomgåast, seier han.

Les også: Sykdom på yngel i Marine Harvest-eid settefiskanlegg

Ikkje første gang
Det er likevel ikkje første gang Marine Harvest mistar fisk på setjefiskanlegget i Fjæra.

I mars 2017 varsla dei Mattilsynet om høg dødelegheit og sjukdom ved anlegget. Då var det yngel på 0,38 gram som var smitta av bakterien Yersinia ruckeri.

– Det stemmer at me hadde ei hending ei tid tilbake. Det var langt mindre fisk som gjekk tapt. Me ser ingen samanheng mellom dei to hendingane førebels. Me gjennomgår alle slike saker me har hatt for å sjå om det er samanhengar, seier Hjetland.