Utviklingsavslag for Havkar

Nyheter
655

Ikkje betydeleg innovasjon, ifølgje Fiskeridirektoratet.

Det var i april i fjor at Havkar søkte om seks utviklingsløyver i Hordaland for utvikling av konseptet. Torsdag kom avslaget frå direktoratet.

Bak selskapet Havkar står Troland Lakseoppdrett, Langøylaks og Austevoll Melaks.

Prosjektet er eit heilskapleg sjøbasert oppdrettskonsept, «Aqua Terminal», som er basert på ein idé av selskapet Fjord Solutions i samarbeid med Salt Ship Design og Egersund Group.

Aqua Terminal er ein driftseining som består av ein multifunksjonell terminal og seks merdar.

Fiskeridirektoratet skriv i avslaget at konseptet «ikke oppfyller vilkåret om «betydelig innovasjon»».