– Utvalg i PD-vaksine-marknaden er ein god ting

Nyheter
923

Nytilsett MSD Norden-sjef, Dafydd Morris, er klar på hardna konkurranse etter at Elanco si DNA-vaksine mot pancreas disease (PD) no vert teken i bruk på norske anlegg.

MSD Animal Health, som er den dominerande leverandøren av PD-vaksiner, kan få konkurranse dei ikkje tidlegare har opplevd. Dagleg leiar i fiskehelseselskapet Fomas, Solveig Nygaard, trur DNA-vaksina kan ta over marknaden i Norge.

– Eg er heilt sikker på at dette kjem til å bli den dominerande vaksina i Norge, sa Nygaard i til iLaks måndag.

– Interessant utvikling
Morris er ikkje tilgjengeleg per telefon denne veka, men svarte iLaks’ spørsmål på e-post onsdag. Han svarte ikkje på spørsmålet om kva han tenkjer om Nygaards utsegn.

«Ny vaksineteknologi er ei interessant utvikling. Me har eit sterkt FoU-fokus som arbeider for å adressere ei rekkje dyrehelseutfordringar», skriv Morris.

«Utvalg i marknaden er ein god ting. MSD skal tilby effektive og sikre vaksiner i tillegg til ekspertise i kundestøtten som skal bistå våre kundar», skriv walisaren vidare.

Utviklar nye løysingar
Han legg til at MSD stadig ynskjer å fornye seg.

«MSD Animal Health jobbar konstant for å utvikle nye løysingar for dyrehelse», skriv Morris.

Kva tenkjer du om den nye DNA-vaksina til Elanco?

«Kunnskap om alle nye vaksiner kjem gjennom lab- og feltstudier. Kommersielt bruk er eit anna aspekt av datainnsamling og eit verdifullt reiskap for å adressere effektiviteten og tryggleiken til vaksina», skriv Morris avslutningsvis.