Trur betre metodar sikrar positiv lakselus-utvikling i 2018

Nyheter
1783

Erlend Haugarvoll i Lingalaks spår lakseåret 2018.

Me har nettopp lagt bak oss eit rekordsterkt 2017 som endte med 94,5 millardar kroner i sjømateksport, ifølgje ferske tal frå Norges sjømatråd.

Laks var den desidert viktigaste arten og sto for 68,4 % av den totale eksportverdien.

Me går no inn i 2018 med alt det fører med seg. Kva er det likevel ingen som veit heilt sikkert.

Likevel skal ulike små og mellomstore oppdrettarar spå lakseåret 2018 på iLaks sine nettsider.

No er det Erlend Haugarvoll i Lingalaks sin tur til å svare på dei seks spørsmåla.

Kva er lakseprisen i 2018?

– Eg trur på 56 kroner om valutaen held seg stabil.

Set Norge ny rekord for lakseeksport i 2018?

– Mengden går opp fire prosent.

Vil det bli vekst i slaktevolum i Norge i 2018? Kor mykje, eventuelt?

– Som over. Fire prosent.

Held den posistive lakselus-utviklinga fram i 2018?

– Mykje fokus og stadig betre metodar gjer ytterlegare forbetring.

Kva vert dei største fiskehelseutfordringane i 2018?

– PD, lus, og svinn.

Vert Russland opna for norsk laks i løpet av 2018?

– Eg vonar tilhøva kan normalisere seg endå litt meir, så dette er mogleg i løpet av 2018.